Då eg fekk eit visittkort av ein av professorane på universitetet her, vart eg ganske fascinert. Det var nemleg ikkje heilt som andre trykksaker som vert laga no til dags. Papiret var tjukt, ruglete og elegant. Sjølv om det utan tvil var relativt nytt (epostadressa var med), hadde det eit gamalvore preg. Bokstavane stod ikkje heilt snorbeint på line, og det var ikkje heilt beint klypt ut. Utan at eg veit kvifor, tykte eg skrifttypen òg verka litt umoderne. Likevel var det noko anna som var endå kulare: Det var trykt på gamlemåten, med blytypar eller liknande. No kan jo ikkje eg vita noko om korleis det var laga utanom det eg kan sjå sjølv, men det nokso synlege relieffet på baksida var eit godt prov på at det i alle fall ikkje var trykt på vanleg, offset-måte. Noko liknande har eg berre sett (og kjent) i gamle bøker.
På biletet ser du øvst framsida av visittkortet, og nedst er baksida.
Sidan eg vart utfordra, gjer eg som ein skal gjera:
Plukk opp den næraste boka.
Opna henne på side 123.
Finn den femte setninga.
Post dei tre neste setningane.
“Tagg” nokre folk og gjev ære til han/ho som “tagga” deg.
Eg må seia at eg er litt heldig, sidan eg har ei superbok ved sida av meg: Kron og mynt av Kjartan Fløgstad.
Sitatet kjem her:
Å vera prest var eit livsfarleg yrke. Ein etter ein vart representantane for den nye trua jaga eller slått i hel. Administrativt gjekk den religiøse nyordninga tregt, og endå mykje lenger tid tok det før den reformerte læra vann fotfeste i folketrua.
Dette handlar om reformasjonen i Ryfylke, det gjekk mykje treigare der enn andre stader i landet, trass i at landsdelen saman med Jæren tilsynelatande er “høgborger for verdsleg tukt og livsfiendtleg kristendom”. Eg kunne no tenkt meg å sitert meir, men det får vera til ein annan gong.
Då er eg litt spent på kva Synnøve har attmed seg, sidan ho var so overraska over dei andre sine bøker. Og Elisabeth og Simon òg. De er no utfordra.
Når ein kjem til eit framandt land, vil ofte ein tydeleg skilnad frå heime vera maten. I Slovakia er mykje som me er vane med, men ein del er ulikt. Sjølvsagt har dei andre nasjonalrettar enn oss, men normale ting som pølser og brød er heller ikkje nett som me kjenner det.
Slovakarane tykkjer nok det er supert, men eg likar ikkje særleg godt at karve er standardingrediens på line med mjøl i alle brød utanom den finaste loffen. Det går i grunnen greitt om ein har på kjøtpålegg og andre salte ting, men å ha honning eller syltetøy med brunost heimanfrå på brød fullt av karve er liksom ikkje det heilt store.
Då står det betre til med pølsene. Alle veit at Tyskland er eit godt pølseland, men det er jammen Slovakia òg. Her har dei draget på dei kraftige, feittdrypande, kjøtfulle pølsene, og slikt likar eg. På Rema i Noreg er vel vossakorven den med mest smak, og serien med “Pølser for viderekomne” som Gilde fører om sumaren er ikkje so verst. Men sistnemnde minner om magre lettgrillpølser med ekstra mjøl i samanlikna med det eg kjøpte på Tesco (ein vanleg daglegvarebutikk) her ein dag. Desse kan steikjast utan smør, og etterpå ser panna ut som ho har vore nytta til fritering. DET er pølser som smakar!
Ei oppskoren pølse før steiking
Panna etter at eg har steikt éi pølse utan ekstra olje eller smør.
Det kan òg nemnast at brislingen i King Oscar sardines ikkje ligg like fint pakka i boksen her som i Noreg (men smakar like godt). Dei heiter rett nok Baltické sardinky her og er produserte i Polen, men det er likevel verdt å leggja merkje til.
No ser eg at det ikkje går lenger. Tarjei meinte i ein epost at
ordet “blog(g)” er OK, fordi det funkar “atomisk” – det påverkar resten av målbruken mykje mindre enn t.d. garpegenitiv og passiv, og høyrest som eit norsk ord.
Eg trur det er på tide at eg seier meg samd, for vlogg er noko anna. Det står for video-blogg, og bloggen min er jo ikkje noko slikt.
Bur du på hybel eller i eit sparsamt utrusta hus? Skal du ut og reisa med ureinande farty? Treng du å vita kor tung kofferten din er før du forlét heimen? Har du korkje badevekt, kjøtvekt eller lammevekt til rådvelde? Har du berre ei kjøkenvekt som ikkje taklar meir enn 5 kg? Er du ille ute? Svarar du ja, ja, ja, nei, ja, er svaret på det siste spørsmålet nei.No skal eg visa korleis du kan vega kofferten din med kjøkenvekta di. Det er sjølvsagt mogleg å vega kvar einaste litle ting du har i kofferten for seg, og so leggja saman, men det tek alt for lang tid, er kjedeleg og for enkelt.
Det du treng er:
Målband eller liknande
Kjøkenvekt
Ein litt spiss kant som kofferten kan vippa på, og ein stad der vekta kan stå i same høgda som denne kanten
Alle mål du gjer bør vera so nøyaktige som mogleg, helst på millimeteren. Det kan difor vera litt vanskeleg å nytta ein linjal på 15 cm, av di det er so lett å måla feil. Fyrst må du måla kor lang kofferten er. Om du har ein slik trillekoffert med handtak som du kan draga ut, dreg du det ut og måler heile lengda. So må du finna tyngdepunktet (balansepunktet) til kofferten, målt frå den tyngste enden. Då legg du kofferten oppå den spisse kanten og prøver å få han til å balansera på kanten, altso slik at det er like mykje masse på kvar side av kanten. Om massen i kofferten er fordelt 100% jamnt, vil tyngdepunktet vera midt på kofferten. Slik er det truleg ikkje.
Når du har funne ut kor lang kofferten er, og kvar tyngdepunktet ligg, kan du leggja den tyngste enden av kofferten på kanten, og den lettaste enden på vekta og måla. No må du notera vekta som vert målt og kor langt det er frå den tyngste enden av kofferten til den spisse kanten. Denne siste lengda trekk du frå den totale koffertlengda og tyngdepunktet. Kanten kan altso vera kvar du vil mellom tyngdepunktet og den tyngste enden, men det aller enklaste er (om du får det til) å leggja den ytste enden av kofferten på kanten. Om den lette enden av kofferten då vert for tung, flyttar du kanten nærare tyngdepunktet.
No har du tri mål: A = koffertlengda (målt frå den lettaste enden til kanten han ligg på), B = vekta av den lette delen av kofferten og C = tyngdepunktet (målt frå kanten kofferten ligg på).
No gjer du dette reknestykket: A*B/C. Svaret du får er den totale massen.
Eit døme:
Eg skal heim til påske og har mange bøker med meg for å lesa på. Diverre tykkjer eg at eg må taka fly. Eg legg bøkene i trillekofferten min, men massen vert ikkje heilt jamnt fordelt. Eg måler lengda og finn ut at kofferten (inkludert uttrukke handtak) er 95 cm lang (A=95 cm). So legg eg kofferten på den spisse kanten og finn ut at tyngdepunktet er 25 cm frå den tyngste enden (C=25 cm). No flyttar eg han, slik at det vert litt tyngde på den lette delen. Eg ser at han kanten no er 5 cm frå den tyngste enden, og trekk 5 cm frå koffertlengda og frå tyngdepunktet. No er A= 90 cm og C=20 cm. So legg vekta under den lette enden og ser at B= 4,7 kg. So set eg desse verdiane inn i formelen, og reknar ut 90 cm*4,7 kg/20 cm= 21,15 kg. Altso må eg hiva ut eit par bøker før eg reiser for å sleppa å gjera det på flyplassen.
Merk at det er litt vanskeleg å finna tyngdepunktet heilt grannsamt, men samstundes er det viktig at det vert rett. Om du har målt 1 cm feil på tyngdepunktet, kan nemleg svaret verta meir enn 1 kg feil, og det kan få fatale konsekvensar.
Eg byrja å høyra på Stone Roses i 2006, og etter det trur eg dei har vortne favorittgruppa mi. Dei var veldig populære då dei herja, og dei var ei viktig inspirasjonskjelde for mange grupper, mellom mange andre Blur, Oasis og Arctic Monkeys. Dei var flinke musikarar, og særskilt John Squire og Reni er lette å leggja merke til. På platene høyrer me den ofte sterkt aspirerte stemma til Ian Brown smyga seg inn og ut av versa, medan gitaren til Squire lagar fine, klingande og muntre riff. Bassen til Mani og trommene til Reni lagar dansbare, elegante rytmar, og saman vert dette fine songar det er vanskeleg å sitja heilt i ro og høyra på. Det vert ofte skrive og sagt at musikken deira var ei blanding av 60-tals gitarpop og 80-tals acid house-rytmar, og det passar nok godt, sjølv om dei ikkje likte den karakteristikken so godt sjølv. (Ian Brown sa ein gong at noko som verkeleg hadde såra han var at folk sa dei var inspirerte av 60-talet. Det gav han vakenetter, påstod han.) Tekstane deira er både politiske (Høyr på Bye Bye Badman som handlar om studentopprøret i Paris i 1968, og den rare Elizabeth My Dear, til dømes) og mange har tydelege og utydelege kristne motiv (til dømes I Wanna Be Adored, Love Spreads, This Is The One, I Am The Resurrection og visstnok One Love).
Utanom musikken var dei òg ganske spesielle. Dei var ganske medvitne på at dei var dei var den beste gruppa i heile verda, liksom Oasis var nokre år seinare. Dei var heller ikkje særleg pressevenlege og utettervende, og var ofte nokso stillfarande (men arrogante) når dei vart intervjua.
Fyrste gong dei spelte på fjernsyn var på det direktesende The Late Show hjå BBC. Dei framførte Made of Stone, og midt i songen gjekk straumen i studioet, visstnok av di dei spelte for høgt. Då programleiaren steppa inn for å gå over til neste sak, vandra ein rasande Ian Brown rundt i bakgrunnen og ropte ”Amateurs! Amateurs!”. Det er ganske festleg.
Sjå framføringa av Made of Stone:
Dei bytta plateselskap minst tri gonger. I 1987 spelte dei inn ein singel, Sally Cinnamon, hjå FM Revolver records, men gjekk over til Silvertone for å spela inn debutalbumet The Stone Roses. Denne plata vart ein stor suksess. Då ville FM Revolver òg ha ein del av kaka. Dei gav ut Sally Cinnamon på nytt og laga ein forferdeleg musikkvideo utan at gruppa kunne gjera noko med det. Då vart dei so sinte at ein dag dei gjekk forbi kontoret til selskapet, knuste dei rutene i bilen til sjefen, og dynka han og kontoret hans med maling! Dei vart sjølvsagt arresterte og vart dømde til bøter, og heile hendinga vekte sjølvsagt stor åtgaum i media og var god reklame for dei.
Sjå den kjedelege og grelle musikkvideoen til Sally Cinnamon:
På grunn av ein tvist med Silvertone, som dei hadde skrive livstidskontrakt med (!), fekk dei ikkje gjeve ut eller spelt inn nokon nye songar på fem år. Mellom 1989 og 1994 var det heilt stilt, og det vart nok banen for steinrosene. Det andre albumet vart ikkje so godt motteke, og dei hadde nok mista mykje av gnisten etter å ha vore heilt lamma so lenge, og i 1996 vart gruppa oppløyst.
Plata The Stone Roses rangerer jamnleg som ei av dei beste platene nokonsinne i Storbritannia og er definitivt verdt å høyra på. Det er altso høg kvalitet på musikken deira. Difor er det ein ting eg tykkjer er ganske rart. The Stone Roses var horribelt dårlege på scena, og det er nok frontfiguren sjølv, Ian Brown, sin feil. Han syng so dårleg og falskt på dei fleste opptaka eg har høyrt av gruppa at det ikkje er kjekt ein gong. Det kan vera bra, for då er det ikkje so leitt at eg aldri hadde høve til å gå på konsert med dei.
På verdsveven er det mykje tull og fjas å finna. Mange av oss nyttar mykje tid der, og det vert fort for mykje. Kan det ikkje då vera herleg å slappa av med noko anna for ei lita stund? Spøtet mitt er eit lite forsøk på å vera ei motvekt til heile verdveven, eit lite pustehol i den elles kjasande og masande arbeidsdagen. Her kan du slappa av utan å få dårleg samvit for uskrivne rapportar og ulesne bøker som ligg og ventar. Bestemor mi nytta mykje tid med veven før i tida, men so vart ho grundig lei og gjekk over til spøting heller. Det var nok lurt, og so lur kan du òg vera. Velkomen til spøtet til Ola.
PS! Eg har prøvd meg med vlogging før, men det stranda ganske fort. Eg vonar det går betre denne gongen.