Då eg fekk eit visittkort av ein av professorane på universitetet her, vart eg ganske fascinert. Det var nemleg ikkje heilt som andre trykksaker som vert laga no til dags. Papiret var tjukt, ruglete og elegant. Sjølv om det utan tvil var relativt nytt (epostadressa var med), hadde det eit gamalvore preg. Bokstavane stod ikkje heilt snorbeint på line, og det var ikkje heilt beint klypt ut. Utan at eg veit kvifor, tykte eg skrifttypen òg verka litt umoderne. Likevel var det noko anna som var endå kulare: Det var trykt på gamlemåten, med blytypar eller liknande. No kan jo ikkje eg vita noko om korleis det var laga utanom det eg kan sjå sjølv, men det nokso synlege relieffet på baksida var eit godt prov på at det i alle fall ikkje var trykt på vanleg, offset-måte. Noko liknande har eg berre sett (og kjent) i gamle bøker.
På biletet ser du øvst framsida av visittkortet, og nedst er baksida.
Merkelappar: gamle ting, Typografi

28. mai, 2008 ved 8:25 pm |
Morosamt!
Eg hev òg gamalt, tjukt, rugut papir på visittkortene mine (det er det same som russekorti). Eg vart so mot dei glinsande, tynne russekorti, so eg laga like godt eigne.
Men eigentrykk er tøffast. Eg las ein blogg til ein fyr som sette seg inn i det. Trur kottke.com hev skrive masse um det m.a.
30. mai, 2008 ved 2:06 pm |
Ola, drit i å forsøple nettet med tekster som ikkje er det SPØTT interessante. Kven bryr seg katten om gamle, blytrykte kort frå heilsprøe professorar? Kva med dei djuptpløyande politiske analysene om Gasparovic og Fico?
31. mai, 2008 ved 1:23 am |
Nei, dette tykte eg var rett so interessant å lesa. Eg ynskjer beint fram at eg kunne teke fyrste fly til Zilina, eller kan henda måtte det bli ein by i nærleiken, eller eit stykke unna. I alle fall ville eg ha bede professoren om å peika ut trykkeriet for meg – og so ville eg ha tinga visittkort.
Zilina er nemleg og i endring, og framtida kjem alltid for fort. Ola, no vil eg takka deg for denne opplysinga! Takk!