Når ein er ferdig med eksamenar og liknande, eller berre er lei av å lesa, kan det vera godt å taka seg ein liten pause. Men kva skal ein so gjera? Drikka ein kopp kaffi, te eller kakao? Sjå ein film? Eller gjera noko som er både moro og lærerikt? Det finst dataspel som er både gratis, artige og med eit pedagogisk alibi. Der er garantert fleire enn dei tri eg listar opp. Veit du om andre godbitar, skriv ein kommentar og legg ved ei lenkje.
Minnest du kor kjekt det var å leika i sandkassen då du var liten? Og kor kjekt det er å teikna tull i Paint, og kor kjekt det er å byggja ting med pedagogiske leiker på barneskular du tilfeldigvis er på? Alt dette vert sameina i dette sandkasseprogrammet. Teikn figurar og gjev dei liv, alt i to dimensjonar og med dei fysiske lovene på plass. Det er ingen grenser for kva ein kan laga, og det tek fort meir tid enn planlagt.
Denne har vorten veldig endra og utvida i alle slags retningar sidan førre gong eg prøvde han, men det er truleg moro likevel. Her kan du laga figurar av hengsler og stenger mellom dei. Figurane kan røra på seg om du lagar “musklar” på dei rette plassene. Musklane trekkjer saman og utvidar stengene med ein viss fart og lengde. Moro, men det krev litt meir grannsemd og arbeid for å få til fungerande figurar.
BridgeBuilder er meir eit spel slik me kjenner det, med eit klårt føremål. Her skal du leika ingeniør og byggja bruer over ulike kløfter, skar, avgrunnar, elvar (utan vatn?), dalar eller liknande. Du har eit visst budsjett, og brua må vera solid nok til at eit tog kan køyra over. Merk at det i den gamle versjonen faktisk ikkje krevst at brua er heil når toget har passert. So om toget klarar å karra seg over sjølv om heile brua rasar i hop, er det godt nok. Sjølvsagt er det ikkje like tilfredsstillande, og eg likar godt å laga forbetringar om noko slikt skulle henda. Eg har prøvd å nytta nokre av dei konstruksjonane eg sjølv har lært å rekna med i statikkfaget mitt, men det var ikkje so enkelt, for på mitt nivå tek me ikkje omsyn til vekta av bjelkane, men det gjer spelet.
7. juni, 2008 ved 1:45 am |
Sidan ingen har spurd enno, gjer eg det: Kvifor kallar du deg Avsenius?
7. juni, 2008 ved 8:53 am |
Av di ein fyr i Kron og mynt av Kjartan Fløgstad heiter Samson Avsenius. Han er ikkje den kulaste i boka, men han er kul nok. Hovudpersonen heiter Tjerand Fonn, og det kunne eg jo ikkje kalla meg. Avsenius er sopass spesielt at ingen andre har det, men likevel er det ikkje teke ut or lause lufta. So enkelt er det. Mogleg eg kunne kalla meg Ola, men det gjorde eg ikkje.
7. juni, 2008 ved 1:07 pm |
Hehe. Eg elskar Bridge builder. Men skulle hatt ein open kjeldekodeversjon av slike morosame program/spel.
24. juni, 2008 ved 12:29 pm |
Like greitt du ikkje kalla deg tjerand fonn. Er ikkje det han som har/får tunger til hender? Eg tykkjer det er litt overgrensa til ekkelt.
24. juni, 2008 ved 9:02 pm |
Hm, det er mogleg. Eg er sant å seia ikkje komen heilt gjennom boka enno. Eg må rett nok vedgå at Samson Avsenius er noko spesiell, han òg. Han mistar til dømes både hjarta og den eine sida av kroppen skrumpar inn, og kona hans døyr på eit spesielt vis. So kan henda den beste er Pål Seland, ein arbeidssam og flink mann frå Seland i Ryfylke. Dessutan tek han på seg findressen og -hatten når han skal slå med stuttorv, og det tykkjer eg er kult. Men det namnet er ikkje so stilig, bortsett frå at det liknar veldig på namnet på garden (i Brattlandsdalen mellom Nesflaten og Røldal) som oldemor mi kom frå (Selland), som ikkje ligg so langt vekke frå garden som mor til Fløgstad kjem frå (Hegerland) som er der Anita Hegerland òg stammar frå.