No gjer eg meg klar til å reisa heimatt. Eg skal køyra bil med flyttelasset, og då er det greitt å førebu seg litt. Eg har kassett- og cd-spelar (med magasin) i bilen, og i tillegg har eg kjøpt ein slik kassett med innline, slik at eg kan spela av mp3-spelarar o.l. gjennom kassettspelaren. Ljoden er meir enn god nok for pinglehøgtalarane mine.
So er det å tenkja over kva eg skal høyra på. Musikk er og har alltid vore bra, og eg har klare cdar, og mp3-spelaren er fullasta. Men noko kan henda endå betre på lange bilturar (som kan verta FOR lange) er ljodbøker. Eg skjønar diverre ikkje slovakisk, so kvar kan eg få tak i noko som er interessant? Internett sjølvsagt. Det finst haugevis av filmar og bøker som er i ålmenneige av di dei er so gamle. Det vil seia at kven som helst kan kopiera dei og distribuera dei, heilt gratis. Hjå Project Gutenberg finst det over 25 000 slike gratis bøker til fri nedlasting i html, txt eller pdf-format, og her er både kjende og ukjende titlar. Eg kan jo ikkje sitja og lesa medan eg køyrer bil, og dei datagenererte ljodbøkene som finst der er ikkje mykje stas å høyra på. Då er det jammen bra at nokon har laga LibriVox. Her kan eg og du lasta ned gratis ljodbøker som er innleste av menneske. Eg trur dei fleste er på engelsk, og det er ikkje meg imot. Det er fleire klassikarar eg har hatt lyst til å lesa i årevis. No har eg lasta ned og brent på cd eller lagt inn på mp3-spelaren desse ljodbøkene: Dr. Jekyll and Mr. Hyde, Frankenstein, Dracula, Alice in Wonderland, The Adventures of Sherlock Holmes og The Memoirs of Sherlock Holmes. Altso slike bøker alle bør ha lese ein eller annan gong i livet. Rett nok høyrde eg ferdig Dr Jekyll and Mr. Hyde medan eg vaska ut, men der er enno nok til mange timar med høyring og køyring på tyske og tsjekkiske motorvegar.
10. juni, 2008 ved 7:24 pm |
Sikkert kjempekjekke opptak, men er det ikkje litt vågeleg å høyra på ljodbøker når du skal køyra bil? Eg klarar ikkje å konsentrera meg skikkeleg sjølv når eg høyrer nyhendesendingane, og langt mindre prateprogram med lange sekvens. Då vinglar bilen att og fram og eg har lett for å gløyma eit og anna skilt. Vågar ikkje tenkja på kva som ville hende om eg skulle få med meg ei heil ljodbok…
10. juni, 2008 ved 7:30 pm |
Nei, det trur eg ikkje er nokon fare for. Eg likar det, av di eg ikkje keiar meg då. Det er verre å ha det stilt, for då vert eg fortare trøytt og tykkjer det er keisamt å køyra, og gløymer lettare å sjå meg for. No held eg meg vaken og konsentrert, og det er bra. Sjølvsagt må eg passa på å ikkje gå glipp av skilt, men det er viktigast i byar. Då kan eg godt skrua av. Men på dei lange motorvegane er det ypparleg.
10. juni, 2008 ved 9:22 pm |
So lenge du får med deg handlinga, so…
Dette er Synnøve, forresten – eg har fått meg ny blogg.
23. juni, 2008 ved 4:14 pm |
Det vart ikkje til at eg høyrde på nokon av bøkene. Hadde gjort ein feil med cdane til Alice in Wonderland, og opplesaren på The Adventures of Sherlock Holmes var heilt forferdeleg å høyra på. Dei andre bøkene låg berre på mp3-spelaren, og eg gadd ikkje å finna dei fram. Jaja, eg kom heilskinna heim kor som er.