Ynskjer du å høyra den gamle musikken din på nye måtar? Eg har løysinga, vel og merkja om den gamle musikken ikkje er eldre enn at han finst i stereo.
Du kan nemleg lett høyra ein slags karaokeversjon, eller berre ein litt uvanleg ljodmiks av dei gamle songane om du koplar litt om på leidningane eller fiksar litt på den digitale musikken. Prinsippet er å eliminera all ljod som er felles for dei to kanalane, ved å trekkja ljoden i den eine kanalen frå ljoden i den andre. Sidan vokalen ofte er plassert midt i ljodbiletet, vil denne då forsvinna. Her er nokre måtar å fiksa dette på:
Har du eit stereoanlegg med lause høgtalarar, kan du kopla dei to leidningane frå ein høgtalar på pluss-polane for høgre og venstre kanal slik:
Eg har gjort dette sjølv nokre gonger, men eg veit ikkje kor risikabelt det er, og eg vil ikkje ha andsvaret for eventuelle øydelagde forsterkarar, høgtalarar eller sikringsboksar om noko slikt skulle vera resultatet. Det same prinsippet kan sjølvsagt nyttast mellom til dømes ein cd-spelar og ein forsterkar. Eg klypte til og lima saman ein kabel for slike føremål ein gong, det var veldig lettvint og praktisk.
Ein enklare måte er å prøva å trekkja pluggen til hovudtelefonane dine litt ut frå spelaren dei plar stå i. Om du er heldig då, vil dei rette kontaktane verta laga, slik at du får den rette effekten i hovudtelefonane. Dette er nokso ufarleg trur eg.
Den enklaste måten er å nytta eit program på ei datamaskin. Det er mogleg å nytta omlag kva redigeringsprogram som helst, sjølv om nokre er litt tungvinne. Eg vil heller tilrå Winamp med DSP-tillegget Nullsoft Signal Processing Studio DSP og so lasta innstillinga “justin – stupid stereo voice removal”. Det dumme er at om det er ei noko komprimert mp3-fil, vil det koma veldig rare og plagsame ljodar. Jaja, om du vil prøva det ut, kan du gjera dine eigne røynsler.
Eg garanterer ikkje suksess, men det kan vera ganske artig å høyra songar på denne måten. Då stereoen var nesten heilt ny, var det veldig vanleg å separera instrumenta kraftig i dei to kanalane, slik at til dømes trommene og bassen var i høgrekanalen, gitarane i venstrekanalen og vokalen i midten. Veldig mange av Beatles sine songar er miksa litt rart, og det er ganske lett å laga nesten heilt nye songar ved å spela dei med denne effekten. Prøv deg fram og vert overraska! Hugs berre at dei eldste songane som She Loves You, Twist and Shout og Please Please Me kom i mono, og det er garantert mislukka å prøva denne effekten på dei.
Det er diverre ikkje mogleg å gjera noko liknande for å få fram berre ljoden som er felles i dei to kanalane.
Merkelappar: artig ljod, Beatles, effektar, karaoke, kopla om, Musikk

23. juni, 2008 ved 9:04 pm |
Morosamt
24. juni, 2008 ved 4:56 pm |
Artig. Eg visste ikkje at ein kunne få fram denne effekten slik, og lurer verkeleg på om det er heilt trygt i høve til impedans, fase og andre tekniske ord. Eg trur nok eg ville føretrekt å gjera det med software.
Som vanleg skriv Wikipedia godt om kva stereo eigentleg er, og eg skal finlesa når eg får tid.
Eg finn ikkje att kjelder til ei gamal historie om at konstruktuørane bak stereofonien eigentleg ønskte seg tre kanalar (altså: høgre, venstre og senter), så eg hugsar ikkje kva grunnen eigentleg skulle vera, heller: om det var vanskeleg å koda lyden slik, eller om det var ei marknadsvurdering? Det hadde vore kult om tre kanalar var standard, for med stereo må ein jo stilla høgtalarane ganske presist inn for å få eit skikkeleg “lydbilete” (soundstage, eller noko)
28. juni, 2008 ved 12:12 am |
Eg fann eit artig bruksområdet for dette, nemleg når ein skal justera “azimuth” på ein platespelar-pickup (altså, justera pickupen slik at han gjev like sterkt signal på både høgre og venstre kanal).
Frå A Beginner’s Guide to Cartridge Setup:
28. juni, 2008 ved 12:18 am |
Dessutan, Ola, du må få deg platespelar. Du vil lika det. Det er eg heilt sikker på.
Reint vitskapleg er det sjølvsagt for det meste tull at LP-plater er betre enn CD-ar og streama ukomprimert musikk med ein god DAC. Men, så utruleg mykje artig det er å dilla med, og kor høgtid det er å spela svart gull!
(Ingen har heldigvis greidd å overtyda meg om at røyr er nokon god idé)
30. juni, 2008 ved 6:46 pm |
Ja, eg kjenner til det, for eg har ein platespelar (Sanyo DC-X100, kombinert platespelar, dobbel kassettspelar og radio) som eg fekk ein gong på ungdomsskulen av syskenbarnet mitt. Men han er ikkje særleg god, so eg ynskjer meg ein ny. Eg kan tenkja meg at det vil vera endå meir moro med betre ljod. Dessutan hadde eg likt å kunna høyra på instesporet på Sgt. Pepper i all æve, spela plater med alle moglege fartar og gjerne baklengs.
21. juli, 2008 ved 7:34 pm |
Eg får denne effekta på hovudtelefonane mine når eg skruver ljoden på fullt. Eit par desibel mindre, og eg høyrer alt på vanleg vis. Trur det er noko rusk i volumknappen heilt der på toppen.