Arkiv for juli, 2008

Høyrt i siloen

27. juli, 2008

- Hugs å trakka fint for maten til sauene no då.

Sau og hår

18. juli, 2008

Som alle andre som var på sumarleiren åt NMU (Norsk Målungdom) tykkjer, tykkjer eg at det var den beste veka i sumar, det er ingen over og i alle fall ingen ved sida. Ein gjengangar på sumarleirar i NMU er den høgtidelege og samstundes uhøgtidelege NMU-melodikappleiken. Han vart halden fyrste gong i Lillesand i 2003, og kvart år har det vore nokre innslag som viste seg å vera tilnærma udøydelege. Dei EG hugsar best er:

2003: Morgongymnastikk er noko skit
2004: Denja salat
2005: Klinelista er langt frå full
2006: Henda i ein bolle kjøttdeig
2007: Omlag alle innslaga? Det var jamt over høg kvalitet, men eg hugsar ikkje heilt korleis nokon var, berre at dei som vann hadde fortent sigeren.

I år var eg med på to innslag, det fyrste i lag med bror min og det andre åleine. Om nokon får lyst til å synga dei sjølv, her er tekstane:

Jumper sau

mel.: Leitande etter Blåmann

202, vår kjære sau
hoppar før eg seier “mjau”
inga grind kan stansa deg
heller ikkje motorveg

Lamma fór til Sandeid
og du sette etter dei
No er du blitt fårikål
so no har du nått ditt mål

(Merk: I Sandeid ligg slakteriet som me sender sauene våre til)

Håret mitt

mel.: eigenkomponert

Å håret mitt og håret mitt, å håret mitt og håret mitt, å håret mitt og håret mitt
å håret mitt og håret mitt, å håret mitt og håret mitt, å håret mitt og håret mitt

Kva tykkjer du om å vera heilt utan?
Kva tykkjer du om å ha heilt fullt?

Å håret mitt og håret mitt, å håret mitt og håret mitt, å håret mitt og håret mitt
å håret mitt og håret mitt, å håret mitt og håret mitt, å håret mitt og håret mitt

Det finst mange typar hår,
du må berre godta det du får.

Å håret mitt og håret mitt, å håret mitt og håret mitt, osb.