Kvar er dette, tru?

Og kva i alle dagar hende(r) her?





Nana Mouskouri eller Sarah Brightman?
Kaffi er godt, men som oftast der eg drikk kaffi hadde nok traktaren trengt ein rens eller to.
På ein fest var det ein fyr som meinte at ein bør trakta kaffien to gonger for å få han best mogleg. Altso skulle ein køyra den ferdige kaffien gjennom traktaren ein gong til. Eg er litt skeptisk til det, men eg ofrar ikkje min eigen traktar for å prøva det ut. Dessutan har eg ikkje min eigen traktar, og eg ofrar heller ikkje familien min sin. Eg har presskanne, og det er vel so tøft. Dessutan funkar det godt å hiva litt kaffi i koppen og slå i kokande vatn om eg ikkje vil søla til presskanna. Ynskjer eg å sleppa å spytta grut etter dei siste slurkane, kan eg leggja kaffipulveret (ikkje pulverkaffien) i eit filter nedi koppen og so fylla opp med kokande vatn. Det dumme er at filtera ikkje er forma til kaffikoppen, so det vert litt søl og litt klumsing, og det kan gå hòl på filteret slik at gruten berre renn ut i koppen. Men det kan vera verdt strevet om eg får det til, for då er det enklare og herlegare å drikka.
Er det mogleg å laga kaffivin? Altso ikkje kaffilikør, men vin laga av gjæra kaffibønner eller noko slikt.
Per Waglen i Ragnar Hovland sine bøker om dr. Munk serverer eg-personen og dr. Munk øl og kaffi når dei kjem på vitjing i boka Dr. Munks testamente.
Når eg høyrer stykket om grauten på Grut av Aasmund Olavson Vinje, tenkjer eg alltid på kaffi. Ikkje berre på grunn av namnet på staden, men òg av di Vinje skriv “Kaffe” og ikkje “kaffi”.
Eg har aldri høyrt om kaldtrakta kaffi før no, men det ser artig ut, so det skal eg prøva om ikkje so lenge. Lenkje
Er det mest praktisk å ha kaffi i ein stor eller liten kopp? Dette interessante spørsmålet skal eg skriva meir om ein annan gong. Eg skal til og med prøva å svara på det.