Kaffi

By avsenius

Kaffi er godt, men som oftast der eg drikk kaffi hadde nok traktaren trengt ein rens eller to.

På ein fest var det ein fyr som meinte at ein bør trakta kaffien to gonger for å få han best mogleg. Altso skulle ein køyra den ferdige kaffien gjennom traktaren ein gong til. Eg er litt skeptisk til det, men eg ofrar ikkje min eigen traktar for å prøva det ut. Dessutan har eg ikkje min eigen traktar, og eg ofrar heller ikkje familien min sin. Eg har presskanne, og det er vel so tøft. Dessutan funkar det godt å hiva litt kaffi i koppen og slå i kokande vatn om eg ikkje vil søla til presskanna. Ynskjer eg å sleppa å spytta grut etter dei siste slurkane, kan eg leggja kaffipulveret (ikkje pulverkaffien) i eit filter nedi koppen og so fylla opp med kokande vatn. Det dumme er at filtera ikkje er forma til kaffikoppen, so det vert litt søl og litt klumsing, og det kan gå hòl på filteret slik at gruten berre renn ut i koppen. Men det kan vera verdt strevet om eg får det til, for då er det enklare og herlegare å drikka.

Er det mogleg å laga kaffivin? Altso ikkje kaffilikør, men vin laga av gjæra kaffibønner eller noko slikt.

Per Waglen i Ragnar Hovland sine bøker om dr. Munk serverer eg-personen og dr. Munk øl og kaffi når dei kjem på vitjing i boka Dr. Munks testamente.

Når eg høyrer stykket om grauten på Grut av Aasmund Olavson Vinje, tenkjer eg alltid på kaffi. Ikkje berre på grunn av namnet på staden, men òg av di Vinje skriv “Kaffe” og ikkje “kaffi”.

Eg har aldri høyrt om kaldtrakta kaffi før no, men det ser artig ut, so det skal eg prøva om ikkje so lenge. Lenkje

Er det mest praktisk å ha kaffi i ein stor eller liten kopp? Dette interessante spørsmålet skal eg skriva meir om ein annan gong. Eg skal til og med prøva å svara på det.

Merkelappar: , ,

11 kommentarar til “Kaffi”

  1. Tarjei Vågstøl seier:

    Etter år med sur kaffi på skrivarstova til Målungdomen (og seinare Mållaget) trudde eg at det var traktekaffi det var noko gale med. Det, kombinert med kaffihysteriet som herja for 5-6 år sidan, leidde meg til ei milelang vandring langs espressokanner, billig espressomaskin, presskanner — for ikkje så snakka om ulike kaffitypar og brenningar.

    No har eg etter kvart kome fram til at det eg liker best er traktekaffi frå ein godt reinsa Mokkamaster. Mokkamasteren er eit stykke klassisk ingeniørkunst, med ein funksjonell minimalisme (rett nok stygg som nøkken, men det er IBM/Lenovo Thinkpad — eit anna ikon — òg).

    Det som er viktig med Mokkamasteren, trur eg, er at alle delane er der. Det er ofte eg ser traktarar der anten loket over filterhaldaren eller trakten som syter for at kaffien er godt blanda i kanna manglar. Min teori er at dette gjer at mykje vatn og aroma fordunstar, og dimed reduserer smaken mykje.

    Når det gjeld kaffibauner, tykkjer eg det er for mykje arbeid å handla dette frå spesialist jamt. Eg er difor veldig glad for at norske matbutikkar har byrja å føra skånskbrent kaffi (både Löfgrens og Zoegas er veldig bra). Litt mørkare enn norsk brenning (type Friele frukost). Perfekt. Eg lurer på om skånrost og franskbrent er om lag same brenningsgrad.

    Skal eg velja eit “snobbemerke”, derimot, går eg utan tvil for “Mokkaspiss”, husblandinga til Rønning kaffe i Sandvika (Bærum). Som namnet tilseier er ho litt mørkare enn vanleg norsk kaffi, men likevel ikkje så kraftig som skånskbrent, og eg tykkjer Mokkaspiss høver betre til “attåtkaffi”. Eller åleine. (Eller med armagnac.)

    Eg trur eg føretrekk vanleg kaffikrus (ikkje US-size “mug”). Dersom det er på jobb, fyller eg berre 50–75 prosent opp, for då drikk eg berre småslurkar medan eg arbeider (eller skriv kommentarar på bloggen din) og får aldri drukke opp ein full kopp før kaffien vert kald.

  2. Tarjei Vågstøl seier:

    Det med “dobbeltrakting” høyrest rett og slett idiotisk ut, og veleigna til å drepa kaffitraktaren. Vatnet bør jo vera så reint som råd, og nytrakta kaffi vil jo avleira slagstoff og drit i røyra.

    Eg kan heller ikkje sjå kva godt den ekstra runden med oppvarming skulle føra med seg, men eg kan levande førestella meg kor mykje bitterstoff og drit som vert trekt ut av kaffien med ein ekstra omgang gjennom filteret. Vil ein ha den effekten, trur eg det er betre å redusera gjennomstrøyminga frå filter til kanne (nesten alle traktarar har ein funksjon for det).

  3. avsenius seier:

    Det var i grunnen noko slikt eg òg tenkte, men det er bra å få gode grunnar for kvifor det høyrest tåpeleg ut.

  4. minnepinnen0 seier:

    Kaffi skal drikkast av små tynne koppar. Det er gamalt nytt. Sjå på servisa, dei beste, for kaffi, har nettopp det. Te derimot MÅ serverast i store koppar!

  5. Janne seier:

    Eg har høyrt at om ein tar det ferdige kaffigrutet (eg veit ikkje heilt kva eg skal kalle det. Det som ligg att i kaffitraktaren etter trakting) og istadenfor å hive det, tar ein klatt i henda (medan det enno er litt varmt), gnir godt og skyl av, så vil henda verte mjuke, at det vil fungere likt som handkrem på grunn av oljane i kaffibønna. Dette vart litt vanskeleg, men eg håpar dei som les det forstår.

  6. Tarjei seier:

    @minnepinnen0: Jupp, gamle finservise har slike små fingerbøl, men det trur eg kjem av at (1) kaffien var dyrare før i tida, (2) kaffien var sterkare før i tida og (3) folk likte kaffien kaldare før i tida.

    Til vanleg traktekaffi kan eg ikkje heilt sjå poenget. Espresso og arabisk kaffi, absolutt, men til vanleg kaffi tykkjer eg desse småkoppane gjer at kaffien vert kald og ein må ha påfyll heile tida.

    Men eg er som vanleg open for motargument ()

  7. avsenius seier:

    No har eg testa min fyrste kopp med kaldtrakta kaffi, og det var litt spesielt. Han kjentest svak ut, eg las at det var på grunn av at han var heilt utan syrer og bitterstoff. Dette skal eg drikka meir! Det verkar omlag som saft som du blandar ut i varmt vatn. So eg må få tak i ei lita, tett flaske om eg skal ha det med på universitetet, slik eg har tenkt. Og eg trur at kaffien er mykje snillare mot magen ved ein slik metode. Det er bra.

  8. Tarjei seier:

    Neste episode: Ola lagar raudvin utan alkohol og tanninar.

  9. Tarjei seier:

    Perfekt følgjemusikk til dette innlegget: “Varmet seg på kaffekantaten” (Moss Avis)

  10. mamma seier:

    Ola, du bør ta kaffiskulen!

  11. avsenius seier:

    Ein annan rar ting er at kaffien på visse kaffiautomatar i Slovakia la eit svært tjukt (både i volum og viskositet) lag med skum på toppen. Eg minnest ikkje heilt klårt, men eg trur det var på Nescafé-automatar. Er dette vanleg i andre land? Kva var poenget med dette skummet? Eg har aldri sett noko liknande i Noreg.

Legg att eit svar