Arkiv for september, 2008

Tips til venstrehendte

18. september, 2008

Alle venstrehendte kjenner til problemet med at handa subbar over det ein nett har skrive og dreg bly eller blekk ut over resten av arket. For meg er blyant det verste , etter ein dag med skriving har både arket og sida av handa fått ein jamn, glinsande gråfarge. Somme klarer å vri arket slik at handa kjem under det ein skriv, men eg får ikkje til å skriva på den måten. Eg har difor funne ei anna, enkel løysing som i alle fall verka veldig godt for meg: Nytt hardt bly, til dømes H, i staden for den vanlegaste HB. Lurt?

Å ta or feste

18. september, 2008

Om sumaren er sauene våre i heia, og i heia finst det skòrer som sauene kan gå seg fast i. Ei skòr er ei berghylle, og det finst både store og små. Sauene set seg gjerne fast ved at dei hoppar ned ein stad dei ikkje kjem seg opp ifrå.

Heldigvis veit me om at dette rett som det er kan henda, og me veit kvar dei vanlegaste skòrene er. So heile sumaren er det viktig å køyra og gå i heia med kikkert og kikka og kikra etter om det er smale (=sauer og/eller lam) i liene og nutane. Det er viktig å sjå etter ofte, for nokre skòrer vert fort snaubeitte, medan andre, til dømes ei skòr (i Finnabunuten, om du skulle lura) er kjempesvær, og sauene kan gå der i vekesvis utan å nauda. Denne skòra er det so vanleg å gå seg fast i for sauene, og det er sopass langt å gå dit, at me har fått sett opp gjerde rundt henne for å unngå problemet.

Dersom einkvan som var oppe og kikra har sett at det er smale i feste, melder dei frå til dei andre bøndene, og dei finn folk som kan vera med på festetakinga. Det held som oftast med ein 4-5 mann, men det er alltid bra å vera mange. Me tek med ymse tau, klatreutstyr, salt eller mjøl (kraftfôr) og “fiskestanga”. Fiskestanga er ei spesiell stang som me kan henga eit tau langsetter med ei løkke i enden.

Me går opp til skòra og orienterer oss. Kan sauen slå seg i hjel om han skulle hoppa? Er det best å få han eller dei opp eller ned? Me ser på korleis det er lettast for oss å koma til, og korleis me må gå for å få sauen or festet. I dei fleste tilfella er det nok lettast å koma til ovanfrå, sidan det helst er slik sauen går seg fast. So festar me klatretau forsvarleg, anten i solide steinar eller tre, eller me borar hòl og set boltar rett i fjellveggen. Eit par mann firer seg ned og ser korleis sauen er. Er han so spak at dei kan lokka han til seg med mjøl? Stundom går dette godt, og det er bra. Men ganske ofte hender ikkje dette, og då må dei vera forsiktige, det er viktig å ikkje skræma sauen. Om me ikkje kan koma innpå han, eller om det er fare for at han skal hoppa utføre og skada seg, kan me prøva med fiskestanga. Då lurer me løkka over hovudet til sauen og stramar til som ein lasso. Det kan taka ganske lang tid å få dette til, særleg om sauen er skvetten og på vakt.

Når me har fått eit tau rundt sauen, må me få han ut av skòra. Då gjeld atter spørsmålet: Opp eller ned? Om det er mogleg å få sauen til å hoppa opp av seg sjølv, er jo det det beste. Går ikkje det, er det lettare å heisa ein sau ned enn opp.

Til slutt har me fått ut all smalen som stod fast. Vonleg har alle dyra overlevd, ingen har svelta og ingen har hoppa seg i hel. Det kan løna seg å leia dei eit stykke bort frå skòra, so dei ikkje skal gjera same tabben oppatt. So er me ferdige og går heim.