No skal eg skriva om noko som mange før meg har skrive og snakka om, likevel er det få som gjer noko med det. Eg trur faktisk at eg har ei samla norsk musikkpresse med meg i saka.
Eg er lei av at norske rockegrupper og -artistar syng på engelsk, og då meiner eg vanleg populærmusikk, indiemusikk (omlag alt er jo indie i våre dagar) og liknande. Korleis det er i til dømes metallmusikken, veit eg lite om, og eg bryr meg ikkje. Eg innrømmar sjølvsagt at det finst ein del bra norsk engelskspråkleg musikk, men det hjelper ikkje på poenget mitt. Kva er vitsen med å ikkje syngja på morsmålet? Det eg har oppfatta av grunngjevingar for å syngja på engelsk er:
- Dei vonar å slå gjennom i utlandet
- Det vert ei røyndomsflukt, det er som å taka på seg ei maske, og dette gjer det lettare å skriva litt spesielle tekstar.
Det er sjeldan norske artistar får eit internasjonalt gjennombrot, og det er svært optimistisk å satsa på dette. Eg tykkjer tvert om at det er nokso tydeleg kva som er eit suksesskriterium i norsk rock: Syng på norsk. Nesten alle artistane som vert hugsa i årevis etter stordomstida si song på norsk, det er ikkje tilfeldig at alle dei fire store i norsk rock song/syng på norsk. Og nesten alle songane som vert hugsa og sungne i årevis etterpå er på norsk. Grunn 2 er tufta på personlege opplevingar og vanskeleg å argumentera mot.
Det er ikkje berre av politiske grunnar eg er for norsk rock på norsk, eg trur òg at det er taktisk lurt. Eg trur det er nokso normalt å ikkje få med seg ein engelsk tekst like godt som ein norsk tekst, og dimed mistar musikk på engelsk ein dimensjon som musikk på norsk har. Det vert svært viktig å ha ein god melodi å stø seg på, og melodien er det einaste kvalitetskriteriet av di teksten er nesten heilt uviktig. Som dei viste i ein episode av Landeplage: Dei færraste fekk med seg kva Sunday People av Monroes handla om, det var ein god melodi som stod for suksessen. Har ein ein god tekst, kan ein laga ein kjempehit ved å kombinera det med ein sterk melodi. Eller so kan ein laga ein god song av ein god tekst og ein grei melodi. Ein engelsk song med ein grei melodi vert berre kjedeleg, dersom ein ikkje medvite høyrer etter på teksten, og det er ikkje alltid at ein gidd.
Sjølvsagt er det ein fordel å kunna løyna ein svak tekst ved å syngja han på engelsk, då er det ingen som bryr seg, men prøver ein seg med klissete kjærleikssongar på norsk, vert det litt teit, av di folk med eitt skjønar kva ein syng om.
Fleire rockegrupper med litt ambisjonar burde syngja på norsk. Det ville vera eit kjempefortrinn for dei og kjekkare for meg. Eg skjønar ikkje kvifor so få innser det.