Lågare ljodnivå på konsertar!

By avsenius

Mange likar høg ljod på rockekonsertar, ikkje minst artistane sjølv. Eg tykkjer stort sett alltid det er for høg ljod, og det plagar meg. Det er fleire grunnar:

Det øydelegg høyrsla.

Det er skadeleg å høyra på høg ljod over for lang tid, og eg har ofte hatt hyling i øyro etter å ha vore på konsert. Det er eit dårleg teikn. No har eg byrja å nytta øyreproppar mest alltid, anten slike skikkelege av eitkvart skummateriale, eller rett og slett samantygd papir. Det funkar overraskande bra.

Detaljane forsvinn

Når det er so høg ljod, vert nyansane vekke, og alt vert berre ein ljodgraut. Eg kan nok høyra vokalen, men elles vert det vanskeleg å skilja dei ulike instrumenta. Det er skjøneleg at ein ynskjer litt trøkk i bassen og gitarane, men det er ikkje noko poeng når ein ikkje klarer å høyra skikkeleg det som vert spelt.

Dette er slett ikkje noko berre eg tykkjer, men likevel vert det gjort lite med det. Det bør ikkje halda fram slik. Det er mogleg å spela rock og samstundes ha ljod me kan ha glede av.

Merkelappar: , ,

14 kommentarar til “Lågare ljodnivå på konsertar!”

  1. Tarjei seier:

    Eg lurer på om det høge lydnivået kan vera eit resultat av at dei vil ha all lyden fram til dei på siste benk? Elles er det verd å merkja seg at øyra høyrer lyd ulikt avhengig av lydtrykk. Difor kan det vera ubehageleg med for lågt volum, òg. Det var difor det ein gong i tida fanst ein “loudness”-knapp som skulle “simulera høg lyd”.

    Eit anna problem med rock, som me seier på gamleheimen, der me ser på rock som eit problem i utgangspunktet, er at lydtrykket er så konstant høgt, altså at det manglar dynamikk. Eit symfoniorkester kan presentera utruleg høgt SPL i korte periodar, men på rockekonsertar er det høgt heile tida. På hi sida er ikkje me på gamleheimen så uroleg for at ungdomen som går på rockekonsert mister høyrsla — dei høyrer jo ikkje på oss uansett.

    Ein mogleg konklusjon er at PA er svært vanskelege saker.

  2. attergangar seier:

    Eg trur nok det kan vera som Tarjei seier, nemleg at dei vil ha ljoden heilt fram til siste benk. Difor kan det vera lurt å gå på konsert i lokale som ikkje er altfor store…

    … som til dømes Rockefeller, der Martha Wainwright spelte i går. Ein av dei beste konsertane eg har vore på! Den dama er berre so utruleg. Ikkje berre er ho ein fantastisk artist, men ho er hyggjeleg òg, noko eg fann ut etterpå, då eg fekk den nye CD-en signert av henne.:-D

    Du hadde sikkert likt konserten du òg, særleg sidan ho gjorde ein coverversjon av “See Emily Play” heilt til slutt.

  3. Erlend Tiller seier:

    De spiller høyt på Rockefeller, også, men nå er Martha Wainwright kanskje ikke av de aller mest høylytte i utgangspunktet…

    PA-lyd ER vanskelig, og det er ganske riktig som Tarjei sier: Lyden skal også fram til bakerste benk. Det er utrolig mye lyddemping i 300 halvfulle mennesker… Men på rockekonserter er det ofte én ting til som må legges til grunn, og det er lyden på scenen: Vi som spiller rock i den tyngre enden av skalaen har ofte så mye lyd i backline at lydtekniker’n må kompensere med å skru PA’en opp om den ikke skal drukne i gitaristens vegg av Marshall-kabinetter. Og da blir det fort VELDIG høyt – i alle fall for dem som står rett foran PA-kassene.

    Litt av greia med rock er jo at det SKAL være høyt, også da. “If it’s too loud, you’re too old”, liksom. Men når du finner det ubehagelig, er det for høyt uansett hvor gammel du er, og da er det på tide å tenke på at man kanskje vil ha bruk for fungerende ører inn i pensjonistalderen, også.

    To råd: Bruk ørepropper. Du kommer til å være glad for det senere. Og ikke stå med huet i PA-kassene, stå så nære og rett foran mixepulten som mulig. Du ser normalt helt greit derfra (lydtekniker’n må som regel ha klar sikt til scenen), lyden er bedre fordi du står i nesten samme lytteposisjon som lydtekniker’n, og han skrur lyden etter sine ører. Er jeg på konsert og ikke står på scenen sjøl, er det som regel der du finner meg. Eller i baren…

  4. Eva seier:

    Eit anna alternativ som høver best ved store konsertar du vil høyra (og ikkje vera ein del av) er å ikkje kjøpa billett, men høyra konserten frå ein stad i nærleiken. Då vert ljoden passe sterk, og du kan høyra orda dei syng. Det er ikkje ofte. Avstanden mellom nedst i vågen i Stavanger og trappa på Kongsgård var perfekt for The September When-konserten.

  5. avsenius seier:

    Synnøve: Det høyrtest kult ut med “See Emily Play”! Det er jo ein knallkul song. Eg visste ikkje M. Wainwright var typen til å spela slike songar.

    Eva: Hehe, jo det går sjølvsagt an, men då forsvinn liksom resten: Nærleik til publikum og artistane osb..

    Det er sant at musikken må vera god på bakerste rad òg, men til dømes på Klubben og Knaus, to konsertscenar på Samfundet i Trondheim, er det ikkje særleg langt frå eine veggen til den hine, og her vert det ofte ganske høg ljod på konsertane.

    Tilfeldigvis har eg lært litt om problema til ljodteknikaren, for eg har vorte med i Forsterkarkomitéen på Samfundet, og er no med på å styra ljod på konsertar kvar veke. Eg likar godt å vera på rockekonsertar, og det er stas med litt høg ljod, men når eg sjølv tykkjer det er ein smule for høgt bak miksepulten, og i ettertid høyrer om andre som tykte det var for høgt, då var det for høgt. Vrengen skal jo koma frå forsterkarane og ikkje i øyro! Løysinga vert øyreproppar, men ljoden vert jo ikkje heilt jamt dempa, og opplevinga vert slett ikkje den same.

    Som eg nemnde heilt fyrst i innlegget, trur eg ein del av problemet ligg i at mange artistar ikkje skjønar sjølve kva som er for mykje. Det er kjekt å vera høglydt, og som Erlend skriv, vil dei ofte ha det so høgt i baklina at det ikkje er noko anna teknikaren kan gjera enn å kompensera med høg ljod over heile fjøla.

  6. Synnøve seier:

    Tjah, MW var ganske høglytt i går. Meir enn eg hadde venta, i grunnen, men so har eg ikkje høyrt henne live før, heller.

    Eg trur kanskje ikkje alle likar å innrømma det når dei tykkjer ljoden er for høg, nettopp av di dei ikkje vil framstå som “too old”. Bra du ikkje har slike skruplar, Ola.

  7. Tarjei seier:

    Siste skrik (hehe) er visst forresten at høg lyd i øyrepluggar (sånne folk har på iPod-en) er ekstra farleg, sidan kroppen ikkje får fysiske signal om at det er høg lyd slik han gjer på rockekonserar. Lurer på om tradisjonelle øyreklokker er like ille. Her kjenner eg iallfall lydtrykk på ytterøyra.

    Men, Erlend: Tek ikkje det bort litt sjarme å stå ved miksebordet?

  8. Erlend Tiller seier:

    Tarjei: Nei. Det er lenge siden jeg følte at jeg måtte stå i moshpit’en for å få utbytte av å være på konsert. Og av og til er det en fordel å stå lenger bak, også: under rammsteinkonserten i spektrum for to (?) år siden hadde de så mye pyro på scenen at vi kjente varmen helt bak ved mikser’n. Jeg tviler på om noen av de som sto på de fem første radene hadde øyenbryn igjen etter konserten.

    avsenius: GN Resound importerer en serie ørepropper som heter Emotycon. Disse er rimelig nøytrale over hele frekvensområdet, og fås med demping i faste intervaller (10, 15 og 25dB). Jeg har sverget til dem i mange år, og de er langt å foretrekker foran de skumgummiproppene du får for en femmer rundtomkring. Koster litt, da – tror jeg betalte 130 kroner paret, jeg. Jobber du med lyd til daglig vil jeg anbefale å kjøpe formstøpte propper. Disse er ikke billige, men de passer perfekt, og kan også fås som in-ear monitor, om du trenger det.

  9. Tarjei seier:

    Med atterhald om at det er mange år sidan eg har høyrt rock live: Dersom eg hadde vore på konsert for å høyra punk eller oi hadde eg kjend meg litt snytt dersom eg ikkje hadde vore gjennomsveitt og full av blåmerke.

    (Uansett ei teoretisk innvending, sidan eg prioriterer annan musikk når eg ein sjeldan gong har tida til å gå på konsert no om dagen).

    Elles lurer eg litt på om rock, der fuzz og rengjing er vesentleg for uttrykket, er meir skadeleg for høyrsla enn same lydtrykk på akustiske instrument. Det er ei nærast vedteken sanning her på gamleheimen, men det hender no at vitskapen og livsvisdomen kjem til ulike konklusjonar.

  10. avsenius seier:

    Erlend: Jepp, formstøypte proppar står alt på innkjøpslista.

    Tarjei: Blåmerke etter ljodtrykket som slo mot deg, då eller?
    Det er eit interessant spørsmål, det der med vreng vs. akustisk. Eg ville no òg tenkja i same banar som du gjorde i ein tidlegare kommentar, då du skreiv om det konstant høge og intense ljodnivået som truleg er mest skadeleg. Skulle likt å få reine fakta på bordet her.

  11. Tarjei seier:

    Heller utagerande poging. Lett å få litt blåmerke då. Det slepp laus så mange lukkestoff i blodet at musikken berre vert ein del av multimedia-opplevinga. Men kroppen min tolar ingenting lenger. Om ikkje anna reddar det høyrsla mi.

    Eg trur òg at det er konstant lydtrykk som er skurken. Eg trur ubehaget av vreng er subjektivt, fordi det er ein “unaturleg” lyd (og røyrvreng er betre anna enn transistorklipping, mao kjenst mindre “vondt”). Altså, at vreng-ubehaget fyrst kjem når hjernen har dekoda lydsignalet. Men, som eg har indikert, dette er verkeleg berre lause antakingar frå mi side.

  12. Erlend Tiller seier:

    Tarjei: Herfra ser det ut som det er antall decibel som er problemet mer enn tid. Du får hørselsskader av høy musikk over tid, men du kan også få det ved å stå på feil sted når noen avfyrer et våpen, eller popper en diskantmembran. Da er det i så fall volum og frekvens som er avgjørende, ikke tid.

    Hva som forårsaker lyden tror jeg ikke har så mye med saken å gjøre, det er i teorien det samme om lyden kommer fra en gammel marshallforsterker, et jetfly eller noe annet. Ergo bør ikke rørvreng gi noe annet resultat enn en transistoramp, men om frekvens også spiller en rolle holder egentlig ikke argumentasjonen min vann her…

    Det FINNES forskning på området, dog. Ikke at jeg har satt meg inn i det, men dette er vel sånt som audiografer, audiologer eller audionomer vet alt om?

  13. Tarjei seier:

    Erlend, spør iallfall ikkje dei audiofile.

    Etter det eg har sett er høge, korte lydar (geværskot) sjølvsagt svært skadeleg, men for lågare lydnivå er utstrekninga (i tid) avgjerande. Spørsmålet er om frekvens er avgjerande, og då kan vel ein transistoramp som klippar vera svært ille. Eller ikkje.

    Interessant, men kanskje litt på sida: Høysletapet ved td. geværskot råkar ofte berre visse frekvensar.

  14. Erlend Tiller seier:

    Tarjei: Da har vi tre akser å forholde oss til: volum (dB), frekvens (Hz) og tid. Teorien blir da at enhver kombinasjon av disse som tilsammen utgjør en viss verdi vil være skadelig for hørselen. Tror jeg. Vi trenger fasit fra noen som KAN dette.

    Hørseltap er forøvring én ting, selv er jeg mer bekymret for tinnitus. Jeg (tror jeg) kan leve med nedsatt hørsel, men er ikke like sikker på om jeg hadde holdt ut å ha NRKs prøvebilde gående inne i hodet 24/7…

Legg att eit svar