Ny leskedrykk
By avsenius
Merkelappar: drykk, kolsyre, Mjølk
Dette innlegget var posta på 19. november, 2008 klokka 11:41 am og er arkivert under Mat og drikke. You can follow any responses to this entry through the RSS 2.0 feed.
Du kan leggje att svar, eller tilbakesporing frå sida di.
19. november, 2008 ved 12:57 pm |
Er dette noko som finst, eller noko du har tenkt ut?
19. november, 2008 ved 1:03 pm |
Det er noko eg har tenkt ut, men ikkje overraskande finst det faktisk. Eit søk etter “carbonated milk” gjev ganske mange treff i alle fall. Eg lurer på om det er godt.
19. november, 2008 ved 2:14 pm |
Hmm… Kva med kola med vaniljesmak? Eller ein annan dårleg idé til ein drykk? For både mjølk og kolsyre er fælt, og eg kan berre tenkja meg kor grueleg dei vil vera i lag.
24. november, 2008 ved 2:32 am |
Eg får vondt berre å tenkja på det.
3. desember, 2008 ved 10:52 am |
Eg veit ikkje noko om mjølk med kolsyre, men soda med iskrem er faktisk ikkje så dumt. Har ikkje funne sett det i Oslo, men dei hadde mykje slikt på supermarknadene i Kairo.
3. desember, 2008 ved 10:57 am |
Simon: Eg meiner å ha observert freistnader på å marknadsføra både vaniljecola og kirsebærcola i Noreg. Ingen av delane er særleg godt, etter det eg kan minnest. Men Pepsi hadde ein gong (tidleg 1990-tal, trur eg) noko som heitte Crystal Pepsi: Pepsi utan fargestoff (tydelegvis utan koffein òg), men med colasmak. Eg hugsar det som ganske kult.
3. desember, 2008 ved 2:09 pm |
Tarjei: Eg trur Simon var ironisk. Men eg tykte faktisk at både vaniljecola og kirsebærcola var ganske godt. Den dagen vaniljecolaen vart lansert i Noreg, 22. november 2002, hadde NMU landsstyremøte, og eg var i Oslo. I nokre kioskar hadde dei spesielle nummererte flasker (600 eksemplar), og det var hengt ein ekstra lapp på flaska. Eg kjøpte ei og drakk, den andre tok eg heim, og ho finst heime einkvan staden enno, uopna. Ein dag skal eg selja henne med god forteneste.
Crystal pepsi hadde eg aldri høyrt om før eg las ein mimreartikkel om rare ting som vart lansert i gamle dagar. Smakte det verkeleg som vanleg cola?
Iskremsoda har eg òg nettopp høyrt om, og det freistar å prøva det. Det er vel nokso lett å laga heime?
4. desember, 2008 ved 10:31 am |
Om CP smakte “som vanleg cola”? Vanskeleg å seia i dag. Smakar Royal Crown Cola vanleg Cola? Eg tykkjer ikkje det, eg tykkjer til og med at Pepsi smakar vondt medan Coca-Cola er ein leskande livseliksir. Men eg har aldri blindtesta.
Etter det eg minnest smaka Crystal Pepsi akkurat så mykje cola at eg var fascinert. Litt slik det fascinerte meg å eta kvit sjokolade (som eigentleg ikkje er “sjokolade”) fyrste gongen.
Iskremsoda; ja, det burde funka bra heime. Trur eg ville byrja med rein vaniljeiskrem og nøytral soda (ikkje tonic, altså).