Arkiv for desember, 2008

Ein julevits

15. desember, 2008
- Kvar vart det av jula?

- Eg veit det, her er det tydelege julspor.

 

The Beatles’ Christmas Album

11. desember, 2008

Det finst mange joleplater, seriøse og mindre seriøse, og med alle slags artistar i alle slags sjangrar. Simon har skrive om jol i stjernene, som ifylgje han er eit av dei beste jolealbuma gjennom tidene. Eg har ikkje høyrt det, men eg trur eg heller vil høyra på tull og fjas frå fire karar frå Liverpool enn tull og fjas frå to robotar og ein wookie frå ein galakse langt vekke.

the_beatles_christmas_album

Mange veit ikkje at Beatles òg har spelt inn joleplater. Kvar jol frå 1963 til 1969 fekk alle medlemene i den offisielle Beatles-fanklubben ei fleksiplate med ei jolehelsing frå gruppa.  På desse platene  har dei verkeleg slått seg laus og spelt inn altslags rart. Dei spelar radioteater, syng jolesongar, eigenkomponerte (m.a. “Happy Christmas to Ya List’nas”) og tradisjonelle (m.a. “Jingle Bells” og “Good King Wenceslas”). Der er gjerne ei helsing til lyttarane og mykje, MYKJE nonsens, tøys og tant. Ein del, særleg dei frå 1968 og -69, er litt kjedelege, men dei tidlege er festlege.

Desse platene vart samla og gjeve ut som From Then To You/The Beatles’ Christmas Album i 1970. På CD er det berre eit klipp frå 67-plata som er gjeve ut offisielt, “Christmas Time Is Here Again”, som var b-side på singelen “Free As a Bird” som kom i 1995. Heldigvis finst det piratplater i verda, so det er fullt mogleg å få tak han på CD med alle innspelingane. Det er ganske låttvekkjande og kan tilrådast. For meir informasjon, les på Wikipedia.

Ein H-mjølk. Sparka, ikkje rista

9. desember, 2008

På barneskulen var det alltid nokon som føretrekte å få mjølka servert rista på einkvan (spesifisert) måte. Ordensmannen som hadde andsvaret for å henta mjølk til klassen hadde dimed i oppdrag å rista, sparka bortover golvet eller kasta opp i lufta eit visst tal kartongar på vegen frå kjøleskåpet og til mottakaren, alt etter kva ynsket til kvar einskild tingar var. Somme hadde krav om synlege merke etter handsaminga, til dømes minst eitt inntrykt hjørne. Når det gjekk gale, fekk me litt moro i kvardagen.

Å le noko

7. desember, 2008

Vil ein ytra seg verbalt, må ein til dømes seia, kviskra eller ropa det. I intervju i aviser og blad kan ein i tillegg både le og smila noko. Dette kan umogleg vera rett norsk. Å le og smila skal vel ikkje ha objekt? Når eg les til dømes “Nei, vi kan neppe fengsle rektoren for brudd på målloven, ler han”, verkar det unekteleg ganske komisk. Skal han få til å le ei so lang setning, må han ha vore i litt av eit humør, og verkeleg gapskratta, tenkjer eg. Det er so vidt mogleg at ein kan seia at Tore Skoglund ler ein kommentar rett etter ei saftig historie i “Du skal høre mye”, men slikt hender ikkje og passar ikkje i eit vanleg, sakleg intervju. Det er dummare enn når Donald Duck snakkar med lukka nebb, og det seier ikkje lite.

Dette må det verta ein slutt på, og det er ikkje noko å le av!

Coversongar

2. desember, 2008

I dag er det ikkje særleg akseptert for seriøse band med ambisjonar å spela ein haug med coversongar innimellom eigenkomponerte songar. Beatles gjorde dette mykje i byrjinga, men det er nok av di dei starta karrieren som husorkester på nattklubbar o.l., og trengte å ha eit stort repertoar. Dessutan var det ikkje so vanleg for band å skriva sin eigen musikk på den tida. No er det heilt annleis, men eg tykkjer likevel det må vera greitt å spela songar som fleire kjenner frå før, eller å tolka kjende songar på ein ny måte. På ein liten konsert eg var på i haust, tykte folk det var for lettvint då bandet spelte White Wedding av Billy Idol til slutt. Eg tykte det var kult.

Eg skal innrømma at eg òg av og til tykkjer det er litt vel lettvint for popartistar å sikra seg kjapp suksess ved å syngja ein song alle kan frå før. Det er tydelegvis andre ting enn berre musikken som tel ved ei gruppe eller ein artist, og eg tek meg sjølv i å vurdera folk ut frå om dei nyttar eigenprodusert materiale eller ikkje. Men kva er eigentleg det viktige? Er det å høyra bra musikk, eller å vita at artistar kjem seg opp og fram ved hjelp av eige talent? So klårt det fyrste, når ein seier det på den måten. Eg vert ikkje heilt samd med meg sjølv i denne saka, og det irriterer meg. Eg har eit slags merkevaremedvit som eg ikkje heilt likar.

Då er det annleis med folkrock-grupper. Dei kan spela utelukkande «coversongar» og få skrøyt for det!