Coversongar

By avsenius

I dag er det ikkje særleg akseptert for seriøse band med ambisjonar å spela ein haug med coversongar innimellom eigenkomponerte songar. Beatles gjorde dette mykje i byrjinga, men det er nok av di dei starta karrieren som husorkester på nattklubbar o.l., og trengte å ha eit stort repertoar. Dessutan var det ikkje so vanleg for band å skriva sin eigen musikk på den tida. No er det heilt annleis, men eg tykkjer likevel det må vera greitt å spela songar som fleire kjenner frå før, eller å tolka kjende songar på ein ny måte. På ein liten konsert eg var på i haust, tykte folk det var for lettvint då bandet spelte White Wedding av Billy Idol til slutt. Eg tykte det var kult.

Eg skal innrømma at eg òg av og til tykkjer det er litt vel lettvint for popartistar å sikra seg kjapp suksess ved å syngja ein song alle kan frå før. Det er tydelegvis andre ting enn berre musikken som tel ved ei gruppe eller ein artist, og eg tek meg sjølv i å vurdera folk ut frå om dei nyttar eigenprodusert materiale eller ikkje. Men kva er eigentleg det viktige? Er det å høyra bra musikk, eller å vita at artistar kjem seg opp og fram ved hjelp av eige talent? So klårt det fyrste, når ein seier det på den måten. Eg vert ikkje heilt samd med meg sjølv i denne saka, og det irriterer meg. Eg har eit slags merkevaremedvit som eg ikkje heilt likar.

Då er det annleis med folkrock-grupper. Dei kan spela utelukkande «coversongar» og få skrøyt for det!

Merkelappar: , ,

3 kommentarar til “Coversongar”

  1. Tarjei seier:

    Eg er ikkje prinsipielt mot covers. Andre musikksjangrar har tradisjon for å setja pris på både komponist og utøvar. Skiljet er kanskje mindre klart innanfor folkemusikken, men der er det til gjengjeld eit heilt eige traderingssystem (“no skal eg spela ein slått etter ‘n Peder i Bakken, som hadde han etter …”).

    Eg lurer verkeleg på kvifor dette skiljet er så svakt innanfor pop og rock. Her har jo ulike framføringar verkeleg potensiale til å tilføra musikken noko nytt. Døme: Bob Dylan har jo denne vanvittig kule konsertplata Live at Budokan, der han gjer coverversjonar av sine eigne låter, til og med med heilt ny instrumentering.

  2. Ola seier:

    Ja, det har du jammen rett i. Innanfor klassisk musikk er det ingen som ventar at orkesteret eller artisten skal spela eigenkomponerte verk, til og med ikkje at dei tolkar det på ein ny måte.

    Som eg nemnde, trur eg dette kravet om eigenkomponerte/originale songar i pop- og rockverda heng litt saman med at mykje anna enn berre musikken er viktig, til dømes må ein vera “ekte”. Ein må meina det ein syng. Dette står det meir om i boka Faking It. Men dette gjev ikkje heile svaret. Nei, me har ikkje komne til botnen av dette.

    Plagiat er ein annan ting, og då eg høyrde originalen til She’s so high som var fyrste singelen til Kurt Nilsen, tykte eg me vart lurte, eller i alle fall at Tal Bachman vart snytt for æra. Nilsen sin versjon er so å seia heilt identisk med originalen.

  3. Tarjei seier:

    Innanfor klassisk er det kanskje slik at tolkinga ligg i dei “små tinga”. Det er grenser for kor mykje ein kan gjera med eit verk (døme: du har Goldberg-variasjonar, og så har du Goldberg-variasjonar med Glenn Gould). Det å vera ein “kjennar” tyder vel å leggja mykje vekt på akkurat desse små tinga (nett slik ønofile gjer små detaljar i smaksbiletet til ein vin til veldig store ting). But I digress, as usual.

    Køntri er forresten ein annan sjanger der coverlåter er akseptert, trur eg.

    Eg trur dette med “ektheit” er eit viktig spor. Det verkar på meg som det er konsensus blant dei som forskar på ungdom med eit post-postmoderne perspektiv at det er noko ungdom(skulturen) set aller høgst.

    Kanskje saka er at korkje framføring eller komposisjon er så utruleg genialt innan popmusikk, at mange oppfattar at det magiske ligg i kombinasjonen? Me liker kanskje å tenkja på pop/rock som noko som kjem rett frå hjarta. Det er nesten berre progrock og 80-talsheavy som har lov til å spela/øva etter notar. Sjå føre deg The Clash med notestativ. Det gjer nesten vondt.

Legg att eit svar