The Beatles’ Christmas Album

By avsenius

Det finst mange joleplater, seriøse og mindre seriøse, og med alle slags artistar i alle slags sjangrar. Simon har skrive om jol i stjernene, som ifylgje han er eit av dei beste jolealbuma gjennom tidene. Eg har ikkje høyrt det, men eg trur eg heller vil høyra på tull og fjas frå fire karar frå Liverpool enn tull og fjas frå to robotar og ein wookie frå ein galakse langt vekke.

the_beatles_christmas_album

Mange veit ikkje at Beatles òg har spelt inn joleplater. Kvar jol frå 1963 til 1969 fekk alle medlemene i den offisielle Beatles-fanklubben ei fleksiplate med ei jolehelsing frå gruppa.  På desse platene  har dei verkeleg slått seg laus og spelt inn altslags rart. Dei spelar radioteater, syng jolesongar, eigenkomponerte (m.a. “Happy Christmas to Ya List’nas”) og tradisjonelle (m.a. “Jingle Bells” og “Good King Wenceslas”). Der er gjerne ei helsing til lyttarane og mykje, MYKJE nonsens, tøys og tant. Ein del, særleg dei frå 1968 og -69, er litt kjedelege, men dei tidlege er festlege.

Desse platene vart samla og gjeve ut som From Then To You/The Beatles’ Christmas Album i 1970. På CD er det berre eit klipp frå 67-plata som er gjeve ut offisielt, “Christmas Time Is Here Again”, som var b-side på singelen “Free As a Bird” som kom i 1995. Heldigvis finst det piratplater i verda, so det er fullt mogleg å få tak han på CD med alle innspelingane. Det er ganske låttvekkjande og kan tilrådast. For meir informasjon, les på Wikipedia.

Merkelappar: , , , ,

Legg att eit svar