Arkiv for januar, 2009

Vêrmeldinga

31. januar, 2009

Du tykkjer at vêrmeldinga kl. 6.00 er kjedeleg, men du ynskjer ikkje at ho var kortare, gjer du?

Te

19. januar, 2009

Apropos te, korleis lagar ein den beste teen? Eg nektar å tru at det er med slike små posar som vert nytta av dei fleste her i Noreg. Heime har me alltid trakta teen (sjølvsagt ikkje med utstyr som det har vore kaffi i), og det gjev svært godt resultat, tykkjer eg. Ein annan måte er å nytta eit slikt filter av tøy eller metall og lata teen trekka ei stund, omlag som med vanlege teposar av papir, men dette synest å vera vanskelegare enn å trakta, teen vert lett for beisk då.

Og kva te er best? Eg trur me lyt skilja mellom skikkeleg te som er svart, grøn el.l., og alle slags andre tear av urter, frukt osb.. Det er alt for lite utval av svarte tear i norske butikkar, og særleg te som ikkje er i små posar. Eg tykkjer tekulturen i Noreg står litt attende for kaffikulturen slik sett. Då eg var i London, såg eg mange ulike blandingar av svart te, og dei heitte ting som “Queen Anne”, slikt skulle me hatt i Noreg òg, det hadde vore saker.

Skal det vera mjølk eller sukker i teen? Sjølv drikk eg han helst utan nokon av delane, men det kunne nok vore lurt å hatt mjølk i svarte, engelske tear, for det er vel slik dei skal drikkast? I Polen og Slovakia og liknande land har dei so mykje sukker i teen at det er på grensa til kvalmt. For meg framstår det eigentleg som litt barnsleg. Slik drakk me teen då me var små, men te er ikkje saft, og skal ikkje vera like søt som saft.

Eg trudde det var ein myte at (grøn) te er spesielt sunt, men Wikipedia har som vanleg ein artikkel som utdjupar temaet, og der står no allslags bra.

Dette er nesten like spanande som kaffi. Dessutan vil eg tru det er betre for miljøet å drikka te i staden for kaffi, for det er svært ressurskrevjande å produsera sistnemnde.

What’s for tea, mom?

18. januar, 2009

What’s for tea, darling?
Darling, I said “what’s for tea?”
What’s for tea, daughter?

Heinz Baked Beans!

Te og bønner

Like røyster?

8. januar, 2009

Har Ian Brown i Stone Roses, Stuart Murdoch i Belle and Sebastian og Donovan like røyster? Eg tykte det, men då eg høyrde etter, fann eg ut at Brown si ikkje liknar so mykje på dei to andre sine, og dei to andre høyrest kan henda heller ikkje so like ut. Kva tykkjer du, lesaren?

Donovan (Sunshine Superman):

Stone Roses (med Waterfall):

Belle and Sebastian (med Dog on wheels):

Godt nyttår!

1. januar, 2009

Godt nyttår, godtfolk. I natt hadde bøagutane den flottaste himmelpynten på Nes. Ingen litt stusslege og spinndyre rakettbatteri kan etter mi meining samanliknast med varmluftsballongane me sende opp. Desse er ikkje utbrende på eitt sekund, dei er heilt lydlause, og dei stig og stig og stig, faktisk høgare enn me kunne sjå. Det er veldig flott! Då me prøvde ein i påska 2007 utløyste det søk med SeaKing, men det risikerte me ikkje på nyttårsaftan. Om andre ynskjer slike, kan dei kjøpast i Tjerand sin butikk.