Han likte å forklara lette ting på ein slik måte at tilhøyrarane trudde at han forklarte svært vanskelege ting på ein slik måte at dei vart lettfattelege og greie.
Arkiv for februar, 2009
Slik var han 2
24. februar, 2009Ola før og no
20. februar, 2009Ola i det 20. århundret:
Vor Jesus kan ej noget herberg finde
Ola i det 21. århundret:
Farga bly til blypenn
15. februar, 2009Dersom nokon lurer på om det finst farga bly til blypenn, kan eg stadfesta at det gjer det. Det er kult, stilig og intellektuelt.
Nesten like bra
11. februar, 2009I dag såg eg åtte kråker som sat (eller rettare sagt stod) på (eller rettare sagt ved sida av) ei madrass (eller rettare sagt ein plastpose) .
R. Hovland – O. Havrevoll: 1–0
Kva er meininga med dette?
10. februar, 2009
Røyr som svingar seg på ein rar måte
I eitt av bygga på Gløshaugen på NTNU går det røyr i taket med eitkvart som har med oppvarming å gjera. I eitt av romma tek desse røyra ein merkeleg sving, og det verkar totalt meiningslaust. Det verste er at dette er i bygget til Institutt for bygg, anlegg og transport, altso burde dei vel ha toppkompetanse på slikt som dette.