I Resident Evil (verdas kulaste TV-spel) skulle eg av og til nytta ein MO-disk til å låsa opp ei viktig dør, oftast mot slutten av spela. Eg har aldri kome på å finna det ut før no. Wikipedia har sjølvsagt svaret. Og det viser seg at eg sjølv har nytta MO-diskar i det verkelege livet: Dei herlege, små, haldbare MiniDisc-ane er faktisk MO-diskar. To fenomen eg har eit nært tilhøve til vert knytte saman på eit slikt finurleg vis, det er artig!
Merkelappar: MiniDisc, MO-disk, Resident Evil, Zombie
17. mars, 2009 ved 5:05 pm |
Eg drøymde at eg var hamna ein dritskummel stad og vart jaga rundt saman med ei dame eg ikkje hugsa namnet på. Då det til slutt gjekk opp for meg at det var Milla Jojovich, forstod eg (i draumen) at eg var hamna inne i Resident Evil-filmen… Uæh.
18. mars, 2009 ved 1:01 am |
Heh, kjipt, men òg litt kult. Den fyrste filmen er ganske bra sjølv om han ikkje er heilt tru mot spela. Dei andre filmane derimot, er ikkje like gode, sjølv om dei prøver å fylgja plotta i spela betre. Alt i alt er det kulare å spela spela enn å sjå filmane.
18. mars, 2009 ved 4:11 pm |
Zombie!
18. mars, 2009 ved 10:02 pm |
endeleg! eg har lurt på kva MO-disk i mange år nå. takk gode deg!
av dårlege zombiefilmar kjem uansett zombie strippers øvst på lista.