Arkiv for april, 2009

2010?

26. april, 2009

Det verkar som det er lenger til 2010 enn det det eigentleg er, nemleg berre 250 dagar.

Kor og kvar

23. april, 2009

Tilhøvet mellom “kor” og “kvar” er interessant. I nynorsk heiter det “ta kvar si appelsin”, “kvar bur du” og “eg kjem om tre/tri kvarter”. Til vanleg plar eg å seia “ta kvar si appelsin”, “kor bur du” og “eg kjeme om tri kvarter”. Eg har eit syskenbarn som likar å seia “ta kor si abbelsin” som døme på gamal suldalsdialekt, og det høyrest unekteleg litt rart og gamaldags ut. Men i påskeferien høyrde eg endå eit tilsvarande brigde i suldalsdialekt, nemleg “eg kjeme om tri korter”.

Kva ser me av dette? Er det verkeleg slik at det opphavleg heiter “kor-” på suldalsk (suldølsk?) i nær sagt alle samanhengar der me skriv “kvar-” på nynorsk?

Redigert: Det finst døme på båe desse variantane på internett: “kor si”: Ordtøke frå Hallingdal
“eit korter”: Eit og anna frå ei englandsferd

Kven var eigentleg smartast?

20. april, 2009

I eventyret om bjørnen og reven som veddar om flesk og humlebol taper bjørnen av di han ikkje kan seia tri treslag fortare enn Mikkel rev. Han nemner toll, tyri og furu, og dette er berre eitt slag. Reven har ingen problem med å gaula ut “ask, or, eik,” og dimed vinn han veddemålet. Av di han tapte dette veddemålet (og på grunn av andre hendingar der han vert lurt av reven), vert ofte bjørnen sett på som dum og treig. Men eg tykkjer at han fortener eit betre ettermæle enn det, for sjølv om han ikkje svarte på oppgåva, viste han at han har eit stort ordtilfang ved å kunna tri synonym, det tykkjer eg eigentleg er meir imponerande enn å kunna tri treslag.