Kor og kvar

By avsenius

Tilhøvet mellom “kor” og “kvar” er interessant. I nynorsk heiter det “ta kvar si appelsin”, “kvar bur du” og “eg kjem om tre/tri kvarter”. Til vanleg plar eg å seia “ta kvar si appelsin”, “kor bur du” og “eg kjeme om tri kvarter”. Eg har eit syskenbarn som likar å seia “ta kor si abbelsin” som døme på gamal suldalsdialekt, og det høyrest unekteleg litt rart og gamaldags ut. Men i påskeferien høyrde eg endå eit tilsvarande brigde i suldalsdialekt, nemleg “eg kjeme om tri korter”.

Kva ser me av dette? Er det verkeleg slik at det opphavleg heiter “kor-” på suldalsk (suldølsk?) i nær sagt alle samanhengar der me skriv “kvar-” på nynorsk?

Redigert: Det finst døme på båe desse variantane på internett: “kor si”: Ordtøke frå Hallingdal
“eit korter”: Eit og anna frå ei englandsferd


3 kommentarar til “Kor og kvar”

  1. André seier:

    Jøss!
    Og ikkje berre i Suldalen.

    Òg i Rælingen, nabokommunen min: http://www.edd.uio.no/perl/search/images.cgi?sql=SELECT%20FAKSIMILE%20FROM%20USD_LEKS_SETLARK.V_SETEL%20WHERE%20SETEL_ID=967234&mimein=Image/Tiff&datatype=BLOB&w=500

    No må eg òg byrja seia det.

    (34 treff i Norsk Ordbok)

  2. heimante seier:

    Artig observasjon, du! Kva er forklaringa på dette?
    Kor som er, eg må gå nå….

  3. Synnøve seier:

    Eg veit ikkje, men det *kan* vera tale om analogi her, altso ein slags “smitteeffekt”.

Legg att eit svar