2010?

By avsenius

Det verkar som det er lenger til 2010 enn det det eigentleg er, nemleg berre 250 dagar.

9 kommentarar til “2010?”

  1. André seier:

    Du har heilt rett.
    Og dette tykkjer eg er rart å tenkja på: Når det er 2010, har me levd i fire ulike tiår.

  2. Ola seier:

    Hm, ja, det er veldig rart, særskilt når me knapt har fylt to ulike tiår.

  3. Eva seier:

    Eg skryt somme gonger på meg at eg har levd på åttitalet, så då kan vel de i det minste seia de har gjort det.

  4. avsenius seier:

    Ja, eg gjer det gjerne, utan å blygjast.

  5. Leif Arne Storset seier:

    Tiåret byrjar vel strengt i 2011, då. Det er det 615 dagar til. ;)

  6. avsenius seier:

    Ja nett det har eg ikkje heilt skjønt. Kan du forklara kvifor det er slik? Det vart sagt då det vart 2000 òg, at me strengt teke ikkje byrja på eit nytt tusenår før i 2001.

  7. Eva seier:

    Kompliserte saker, dette her. Men vil det då seia at 1990 var på åttitalet?

  8. Ola seier:

    :-D Det må vera slik. Eg skulle til å føreslå at nittitalet byrja i 1990 medan TIÅRET nittitalet byrja i 1991, men det vert meiningslaust.

  9. Eva seier:

    det kan umogleg vera så vanskeleg å forstå dette…

Legg att eit svar