Dårleg målpolitikk av Tine eller ikkje: I dag kom den fyrste nynorske kulturmjølka i hus i Nidaros, og det var stas, sjølv om eg har drukke nynorsk mjølk mange gonger før, både heime og til dømes i Mandal, der dei overraskande nok hadde lettmjølk (eller, sikkert meir korrekt, «TineMjølk Lett»). Men er det lov å skriva «Vendast før bruk» og «Eitt glass»? Kor som er, dette hende altso no i kveld, og det var ganske artig, for heilt tilfeldigvis sende eg eit brev til Tine i dag tidleg der eg skreiv dette:
Hei, eg har lurt på ein ting ei stund: Kvifor står det at nettoinnhaldet i kulturmjølk er 1000 g og ikkje 1 liter, slik det står på andre mjølkekartongar? Og dessutan, kvifor er vekta spesifisert med 4 gjeldande siffer, medan volumet med berre 1? Kvifor skriv de ikkje 1 kg på kulturmjølka eller 1,000 liter på søtmjølka?
Dessutan tykkjer eg at de kunne hatt nynorsk og bokmål på alle mjølkekartongane dykkar. Berre denne løysinga hadde gjeve reell jamstelling hjå Tine mellom dei to språka.
Svaret kom etter 5,5 timar, og lyder slik:
Syrnede produkter – måles i gram
Vi takker for din henvendelse på internett.
Vi setter stor pris på henvendelser fra engasjerte forbrukere. Vi kan
forstå at du stiller spørsmål, da vi nå måler TineMelk Kultur i gram og
ikke liter som tidligere. Alt av syrnede produkter vil nå bli merket på
samme måte, da gram er et mer nøyaktig mål. Vår kvalitetsskontroll måles
alltid i gram, da dette er en mer sikker og nøyaktig måte enn å måle i
liter. Ved å oppgi gram vil det også gjøre det enklere for våre forbrukere
å kontrollere innholdet selv. Takk for at du kontaktet oss.
Då var dét oppklåra òg.
Eit illustrasjonsbilete:

Merkelappar: artig, brev til verksemder, kulturmjølk, Mjølk, nynorsk, stas, Tine, Trondheim
15. mai, 2009 ved 12:28 am |
1. Dei nyttar mykje “da”, då dette er høyrest veldig profesjonelt og fint ut.
2. Kor mange er det eigentleg som hentar fram ei kjøkenvekt og veg kulturmjølka si? Eg gissar ein stad mellom 10 og 200 forbrukarar (årleg).
15. mai, 2009 ved 1:07 am |
Artig og trist på same tid. Artig å sjå “mjølk” på ein mjølkpakke (det har eg berre sett ein gong før. På eit bilete. Sånn i forbifarta. Kanskje.), og trist at det berre er på denne surmjølka.
Eg lit ikkje så veldig mykje på tal og skrytetekst og sånt på drikkeprodukta mine. Ta til dømes ein jus dei selde på Ica før (kjem ikkje på namnet). I den var det visstnok ingenting tilsett, og det var faktisk heile 100 % appelsinar, men jusen var lell full av kalsium “for dei som ikkje drikk mjølk”. Så kor kom kalsiumet frå? Og den jusen som heiter “4 Frukter”, med eple, appelsin, sitron og gulrot. Eh?
Men, godt jobba med kritikken, Ola, sjølv om Tine så elegant oversåg heile avsnittet ditt.
(Ein ven av meg insisterer på at Tine hadde anna namn før: Fryse.)
15. mai, 2009 ved 7:01 am |
André: 2) Men kor mange forbrukarar er det årleg som hentar litermålet og måler volumet av mjølka? Eg gissar at det ikkje er fleire enn dei som veg kulturmjølka. Og det er lettare å vega mjølka enn å måla volumet, særleg litt tjuktflytande væsker som kulturmjølk.
Eg og fleire med meg har spekulert på om surmjølk har ein høgare massetettleik enn søtmjølk og at Tine difor sparer pengar på at 1 kg ikkje er fullt 1 liter. Svaret deira tyder korkje på det eine eller det andre, so det må eventuelt testast ein gong. Men eg tvilar eigentleg.
Simon: Eg trur òg det er ein del tull på skrytetekstar, men nettovekt er då ikkje skryt?
Eg sende nynorskkritikk til Tine alt i 2006, og eg fekk eit standardsvar attende (eg veit det av di eg sende to epostar, ein i januar og ein i mai 2006 og fekk det same svaret). Det gjorde meg ikkje so mykje at dei droppa frasene om at nynorsk er viktig denne gongen, for eg trur ikkje dei bryr seg so veldig.
15. mai, 2009 ved 6:01 pm |
no skal eg jaggu trø til og måla all mjølk eg får, i gram eller liter. og eg skal klaga kraftig dersom det ikkje stemmer, og returnera vara (til dømes seint ein laurdag for å sikra god bakteriemogning på vegen).
skal tru om den surmjølka som dannar hinne på innsida av kartongen tel med i dei 1000g? spør om det i neste e-post!
“vendast” er vel strengt tatt ikkje lov, men dei skal ha for freistnaden. det er vel for å spara plass, men “snu” går vel også an, kan henda…?
16. mai, 2009 ved 3:06 am |
Bra, ola! Men ikkje gje deg på rettskrivinga! Ordet ‘glass’ er ikkje eit oppslagsord i Nynorskordboka.
Nei, vendast må stå i saman med eit modalverb i infinitiv i så fall. Har du heile teksten der?
Eg er møkka lei av dårleg nynorsk frå store sterke organisasjonar. Det er så repsektlaust og så frekt og så feigt!
16. mai, 2009 ved 3:08 am |
Nå går eg i sauhuset. 3 gimrar igjen som skal lemma. Men ikkje i natt håpar eg.
18. mai, 2009 ved 10:42 pm |
Eg tippar at volumet kan variera på surmjølk, medan massen naturlegvis ikkje endrar seg. Men det med gjeldande siffer var jamen eit godt poeng.
Artig bilete!