Hermeteikn

By avsenius

I handskrift nyttar me “dette” hermeteiknet. På grunn av lettvinte tekniske løysingar i byrjinga av dataalderen (i byrjinga av skrivemaskinalderen?) vart dette teiknet ståande på tastaturet, og Microsoft og sikkert andre har gjort dette teiknet standard i dataskrift. Det er dumt, for det er feil og bryt med norsk typografisk tradisjon. I Noreg og ein del andre land (men slett ikkje alle) skriv me hermeteikn «slik». Det er det me er vane med frå bøker, ikkje sant? Me kjenner det på oss at det eigentleg skal skrivast på denne måten, men det kjem som oftast ikkje automatisk, er mykje arbeid å få til, og so gløymer me å vera medvitne på det når me skriv, og so vert det feil. OpenOffice er unntaket, der kjem dei rette hermeteikna av seg sjølv, men andre stader me skriv, må me setja dei inn sjølv. Det gjer me på denne måten:

Alt+0171 gjev «

Alt+0187 gjev »

Tala må skrivast på nummertastaturet, altso må me som nyttar fangdataar («berbare pd-ar») skru på Num Lk-knappen og nytta det knotete nummertastaturet som står med blå skrift på bokstavtastaturet, eller liknande. Men det er verdt det.

11 kommentarar til “Hermeteikn”

  1. Eva seier:

    Eit anna alternativ er jo å leggja det inn på tastaturet, eller leita til ein finn dei. Mac’en min har skjult dei godt, men i alle høve er alt +shift + v -> « og alt + shift + b -> ».

    Eller har eg i seinare tid funne ei rekkje andre teikn som skjuler seg under tastane på dataen min, som t.d. nokre ligaturer: fi, fl.

  2. Ola seier:

    Oioi, ligaturar er stas! Me må hugsa på at alle spesialteikn (eigentleg alle teikn i det heile) er avhengige av at skrifttypen har dei, og til dømes Verdana som desse kommentarane står i på dataen min, har berre ligaturar for fi,fl og merkeleg nok ij. Kva med ff og fj? Ein del heimelaga fancyschmancy typar på internett har ikkje æ, ø og å ein gong, eg trur det er eit teikn på slurv og dårleg handverk.

  3. Arild seier:

    Godt å sjå at det er fleire som legg vekt på typografi og rette hermeteikn. Grunnen til at fj-ligaturen tidlegare var sjeldsynt å finna i digitale skriftsnitt, er at ein på engelsk stort sett berre treng den ligaturen i eitt ord, nemleg «fjord». Då er det lett for skriftmakarane å gløyma at det i sume andre språk, som norsk, er flust med fj-kombinasjonar. Men det hev vore ei god betring her i det siste, ikkje minst etter at Opentype-formatet vart vanleg.

  4. Simon seier:

    I Ubuntu fann eg dei fine teikna gøymd som AltGr + z og AltGr + x, men eg kan òg trykkja Compose + < + < og Compose + > + >. Eg har dessutan mappa AltGr til Win-tasten og Compose til CapsLock-tasten, så det er veldig kjekt.

    Men eg vil krangla litt med deg om ein sak: I handskrift nyttar me i Noreg „desse” hermeteikna, altså nede til venstre og oppe til høgre, ikkje båe oppe som i t.d. engelsk. Dette krangla eg om med trafikklæraren min òg.

    • Simon seier:

      (Hmm, WordPress ser ikkje ut til å lika det uskuldige html-elementet kbd, som skal nyttast til å merkja tastetrykk. AltGr + z og så bortetter.)

      • Simon seier:

        Men for Helgeland! Gjekk ikkje å lura WP til å visa HTML-en ved å nytta mellomrom i elementa. Prøver dette då: [kbd]AltGr + z[/kbd], der klammene skal vera tilsvarande krokodilleteikn. Og orsak for bosset, Ola.

  5. Ola seier:

    Simon: Eg er ikkje samd i at me nyttar „slike” hermeteikn i norsk handskrift. Det har eg sett svært få døme på. Derimot er det vanleg i tysk, trur eg. Der er dei trykte hermeteikna vanlegvis »slik«, det er òg feil på norsk. Wikipedia er samd med meg.

    Ein annan ting eg har (er?) vorten (vorte?) merksam på, er at me ikkje nyttar enkle vinklar til å «visa ‹sitat i› sitat» i Noreg. Det hadde nok vore praktisk og fint, og aller mest logisk om dei ‹bytte «plass» på denne måten›. Det ville samsvara med til dømes teiknsetjing for matematiske operasjonar som derivasjon og symbola for minutt og sekund.

    • Eva seier:

      Eg lærte slike „hermeteikn” på skulen, men gjekk over til å ha begge sider oppe då dei nede lett glei i eitt med løkkene i løkkeskrifta me skulle skriva. Det såg ganske rotete ut i dei gamle miljøvenlege skrivebøkene med altfor grovt papir der blyanten aldri gjorde nett det ein ville han skulle.

  6. Arild seier:

    Eg såg litt i handskriftdøme frå 1800-talet (i den flotte boki Den glemte skriften), og der var det skrive “slik”, nett som Ola nemner. Løysingi med „slike“ og „slike” hermeteikn ser derimot ut til å ha vore vanleg i prenta tekstar på 1800-talet.

    De finn forresten ein fin artikkel um hermeteikn på vevsida til typografen Torbjørn Eng

  7. Eva seier:

    Endå ein ting. I LyX (program som gjer at ein kan nytta LaTeX utan å kunne koder) kan ein faktisk velja kva slags hermeteikn programmet skal nytta. Det er jo ganske kult!

Legg att eit svar