Eg fann ein brent, umerka cd heime og sette han på for å høyra kva det var. Det var veldig bra og kul musikk, men kven spelar? Eg veit ikkje, og det gjer korkje Gracenote (via Winamp) eller Google heller når eg søkte etter ymse utdrag frå songane. Veit du? Høyr på songane her og sei kva du trur og tykkjer! Det er veldig mystisk, for ut frå musikken er eg freista til å tru at det er ein cd eg har skaffa, men eg kan ikkje minnast å ha høyrt han før.