Kven spelar her?

By avsenius

Eg fann ein brent, umerka cd heime og sette han på for å høyra kva det var. Det var veldig bra og kul musikk, men kven spelar? Eg veit ikkje, og det gjer korkje Gracenote (via Winamp) eller Google heller når eg søkte etter ymse utdrag frå songane. Veit du? Høyr på songane her og sei kva du trur og tykkjer! Det er veldig mystisk, for ut frå musikken er eg freista til å tru at det er ein cd eg har skaffa, men eg kan ikkje minnast å ha høyrt han før.

Merkelappar: , ,

4 kommentarar til “Kven spelar her?”

  1. Simon seier:

    Viss du har ein sånn fælsleg telefon som har alt for mykje dilldall og nesten er flau å visa fram, så kan du jo alltids prøva Shazam ID: http://nrkbeta.no/2008/05/27/shazam-id-partytriks-for-mobilen/

  2. bror din seier:

    Band: Tractor
    Album: The Way We Live / A Candle For Judith

    http://en.wikipedia.org/wiki/Tractor_(band)

    Winamp fann d ut sjølv. men d virkar som om songane ligg i feil rekkefølge, derfor nyttar det ikkje å “tagga” heile albumet samstundes.

  3. Eva seier:

    Planen min fungerte!

  4. avsenius seier:

    Simon: Nei, det har eg ikkje, men eit slikt program hadde jo vore kjempekult å nytta.

    Bror din: Takk skal du ha! Sant det var bra musikk? Veit du kven som har laga eller kome med cden? Han låg i skrivebordsskåpet i stova oppe i det gamle huset.

    Eva: Jepp, takk for idéen!

Legg att eit svar