Arkiv for kategorien ‘Dataspel’

Kva er ein MO-disk? (noko alle lurer på)

17. mars, 2009

I Resident Evil (verdas kulaste TV-spel) skulle eg av og til nytta ein MO-disk til å låsa opp ei viktig dør, oftast mot slutten av spela. Eg har aldri kome på å finna det ut før no. Wikipedia har sjølvsagt svaret. Og det viser seg at eg sjølv har nytta MO-diskar i det verkelege livet: Dei herlege, små, haldbare MiniDisc-ane er faktisk MO-diskar. To fenomen eg har eit nært tilhøve til vert knytte saman på eit slikt finurleg vis, det er artig!

Fysikk er moro på data

5. juni, 2008

Når ein er ferdig med eksamenar og liknande, eller berre er lei av å lesa, kan det vera godt å taka seg ein liten pause. Men kva skal ein so gjera? Drikka ein kopp kaffi, te eller kakao? Sjå ein film? Eller gjera noko som er både moro og lærerikt? Det finst dataspel som er både gratis, artige og med eit pedagogisk alibi. Der er garantert fleire enn dei tri eg listar opp. Veit du om andre godbitar, skriv ein kommentar og legg ved ei lenkje.

Phun

Minnest du kor kjekt det var å leika i sandkassen då du var liten? Og kor kjekt det er å teikna tull i Paint, og kor kjekt det er å byggja ting med pedagogiske leiker på barneskular du tilfeldigvis er på? Alt dette vert sameina i dette sandkasseprogrammet. Teikn figurar og gjev dei liv, alt i to dimensjonar og med dei fysiske lovene på plass. Det er ingen grenser for kva ein kan laga, og det tek fort meir tid enn planlagt.

Sodaplay

Denne har vorten veldig endra og utvida i alle slags retningar sidan førre gong eg prøvde han, men det er truleg moro likevel. Her kan du laga figurar av hengsler og stenger mellom dei. Figurane kan røra på seg om du lagar “musklar” på dei rette plassene. Musklane trekkjer saman og utvidar stengene med ein viss fart og lengde. Moro, men det krev litt meir grannsemd og arbeid for å få til fungerande figurar.

BridgeBuilder

BridgeBuilder er meir eit spel slik me kjenner det, med eit klårt føremål. Her skal du leika ingeniør og byggja bruer over ulike kløfter, skar, avgrunnar, elvar (utan vatn?), dalar eller liknande. Du har eit visst budsjett, og brua må vera solid nok til at eit tog kan køyra over. Merk at det i den gamle versjonen faktisk ikkje krevst at brua er heil når toget har passert. So om toget klarar å karra seg over sjølv om heile brua rasar i hop, er det godt nok. Sjølvsagt er det ikkje like tilfredsstillande, og eg likar godt å laga forbetringar om noko slikt skulle henda. Eg har prøvd å nytta nokre av dei konstruksjonane eg sjølv har lært å rekna med i statikkfaget mitt, men det var ikkje so enkelt, for på mitt nivå tek me ikkje omsyn til vekta av bjelkane, men det gjer spelet.