Dårleg målpolitikk av Tine eller ikkje: I dag kom den fyrste nynorske kulturmjølka i hus i Nidaros, og det var stas, sjølv om eg har drukke nynorsk mjølk mange gonger før, både heime og til dømes i Mandal, der dei overraskande nok hadde lettmjølk (eller, sikkert meir korrekt, «TineMjølk Lett»). Men er det lov å skriva «Vendast før bruk» og «Eitt glass»? Kor som er, dette hende altso no i kveld, og det var ganske artig, for heilt tilfeldigvis sende eg eit brev til Tine i dag tidleg der eg skreiv dette:
Hei, eg har lurt på ein ting ei stund: Kvifor står det at nettoinnhaldet i kulturmjølk er 1000 g og ikkje 1 liter, slik det står på andre mjølkekartongar? Og dessutan, kvifor er vekta spesifisert med 4 gjeldande siffer, medan volumet med berre 1? Kvifor skriv de ikkje 1 kg på kulturmjølka eller 1,000 liter på søtmjølka?
Dessutan tykkjer eg at de kunne hatt nynorsk og bokmål på alle mjølkekartongane dykkar. Berre denne løysinga hadde gjeve reell jamstelling hjå Tine mellom dei to språka.
Svaret kom etter 5,5 timar, og lyder slik:
Syrnede produkter – måles i gram
Vi takker for din henvendelse på internett.
Vi setter stor pris på henvendelser fra engasjerte forbrukere. Vi kan
forstå at du stiller spørsmål, da vi nå måler TineMelk Kultur i gram og
ikke liter som tidligere. Alt av syrnede produkter vil nå bli merket på
samme måte, da gram er et mer nøyaktig mål. Vår kvalitetsskontroll måles
alltid i gram, da dette er en mer sikker og nøyaktig måte enn å måle i
liter. Ved å oppgi gram vil det også gjøre det enklere for våre forbrukere
å kontrollere innholdet selv. Takk for at du kontaktet oss.
Då var dét oppklåra òg.
Eit illustrasjonsbilete:
