Kan Stavangerensemblet vera Noregs svar på XTC?
Arkiv for kategorien ‘Musikk’
Samanlikning
26. november, 2009Kven spelar her?
10. juni, 2009Eg fann ein brent, umerka cd heime og sette han på for å høyra kva det var. Det var veldig bra og kul musikk, men kven spelar? Eg veit ikkje, og det gjer korkje Gracenote (via Winamp) eller Google heller når eg søkte etter ymse utdrag frå songane. Veit du? Høyr på songane her og sei kva du trur og tykkjer! Det er veldig mystisk, for ut frå musikken er eg freista til å tru at det er ein cd eg har skaffa, men eg kan ikkje minnast å ha høyrt han før.
Vellukka
10. mai, 2009I førti år har Roger Whittaker nesten berre gjeve ut Best of-plater. Ikkje verst.
Nokre tips
31. mars, 2009– Eg har fått sansen for ei gruppe som heiter Ratatat, og eg vil råda alle til å ta ein lytt på dei, anten på Spotify, Myspace (http://www.myspace.com/ratatatmusic) eller andre stader. Dei spelar instrumental musikk, ei blanding av elektronika og rock, og det er veldig særprega. Det næraste eg kjem på er Røyksopp. Det irriterer meg veldig at eg gjekk glipp av at dei spelte på Blå i Oslo 19. desember i fjor, men eg vonar eg ein gong i framtida får høyrt dei på konsert, for desse er kule! Favorittlåtane mine er Loud Pipes og Wildcat.
– Det er verdt tida å kikka innom tjuvlyssnat.se, ei side der folk sender inn samtalar og hendingar dei har overhøyrt. Det er ganske mykje artig lesnad der.
Kva er ein MO-disk? (noko alle lurer på)
17. mars, 2009I Resident Evil (verdas kulaste TV-spel) skulle eg av og til nytta ein MO-disk til å låsa opp ei viktig dør, oftast mot slutten av spela. Eg har aldri kome på å finna det ut før no. Wikipedia har sjølvsagt svaret. Og det viser seg at eg sjølv har nytta MO-diskar i det verkelege livet: Dei herlege, små, haldbare MiniDisc-ane er faktisk MO-diskar. To fenomen eg har eit nært tilhøve til vert knytte saman på eit slikt finurleg vis, det er artig!
Ola før og no
20. februar, 2009Ola i det 20. århundret:
Vor Jesus kan ej noget herberg finde
Ola i det 21. århundret:
What’s for tea, mom?
18. januar, 2009What’s for tea, darling?
Darling, I said “what’s for tea?”
What’s for tea, daughter?
Heinz Baked Beans!
