Arkiv for kategorien ‘Observert’

Samanlikning

26. november, 2009

Kan Stavangerensemblet vera Noregs svar på XTC?

Vellukka

10. mai, 2009

I førti år har Roger Whittaker nesten berre gjeve ut Best of-plater. Ikkje verst.

2010?

26. april, 2009

Det verkar som det er lenger til 2010 enn det det eigentleg er, nemleg berre 250 dagar.

Kor og kvar

23. april, 2009

Tilhøvet mellom “kor” og “kvar” er interessant. I nynorsk heiter det “ta kvar si appelsin”, “kvar bur du” og “eg kjem om tre/tri kvarter”. Til vanleg plar eg å seia “ta kvar si appelsin”, “kor bur du” og “eg kjeme om tri kvarter”. Eg har eit syskenbarn som likar å seia “ta kor si abbelsin” som døme på gamal suldalsdialekt, og det høyrest unekteleg litt rart og gamaldags ut. Men i påskeferien høyrde eg endå eit tilsvarande brigde i suldalsdialekt, nemleg “eg kjeme om tri korter”.

Kva ser me av dette? Er det verkeleg slik at det opphavleg heiter “kor-” på suldalsk (suldølsk?) i nær sagt alle samanhengar der me skriv “kvar-” på nynorsk?

Redigert: Det finst døme på båe desse variantane på internett: “kor si”: Ordtøke frå Hallingdal
“eit korter”: Eit og anna frå ei englandsferd

Nesten like bra

11. februar, 2009

I dag såg eg åtte kråker som sat (eller rettare sagt stod) på (eller rettare sagt ved sida av) ei madrass (eller rettare sagt ein plastpose) .

R. Hovland – O. Havrevoll: 1–0