Bur du på hybel eller i eit sparsamt utrusta hus? Skal du ut og reisa med ureinande farty? Treng du å vita kor tung kofferten din er før du forlét heimen? Har du korkje badevekt, kjøtvekt eller lammevekt til rådvelde? Har du berre ei kjøkenvekt som ikkje taklar meir enn 5 kg? Er du ille ute? Svarar du ja, ja, ja, nei, ja, er svaret på det siste spørsmålet nei.No skal eg visa korleis du kan vega kofferten din med kjøkenvekta di. Det er sjølvsagt mogleg å vega kvar einaste litle ting du har i kofferten for seg, og so leggja saman, men det tek alt for lang tid, er kjedeleg og for enkelt.
Det du treng er:
- Målband eller liknande
- Kjøkenvekt
- Ein litt spiss kant som kofferten kan vippa på, og ein stad der vekta kan stå i same høgda som denne kanten
Alle mål du gjer bør vera so nøyaktige som mogleg, helst på millimeteren. Det kan difor vera litt vanskeleg å nytta ein linjal på 15 cm, av di det er so lett å måla feil. Fyrst må du måla kor lang kofferten er. Om du har ein slik trillekoffert med handtak som du kan draga ut, dreg du det ut og måler heile lengda. So må du finna tyngdepunktet (balansepunktet) til kofferten, målt frå den tyngste enden. Då legg du kofferten oppå den spisse kanten og prøver å få han til å balansera på kanten, altso slik at det er like mykje masse på kvar side av kanten. Om massen i kofferten er fordelt 100% jamnt, vil tyngdepunktet vera midt på kofferten. Slik er det truleg ikkje.
Når du har funne ut kor lang kofferten er, og kvar tyngdepunktet ligg, kan du leggja den tyngste enden av kofferten på kanten, og den lettaste enden på vekta og måla. No må du notera vekta som vert målt og kor langt det er frå den tyngste enden av kofferten til den spisse kanten. Denne siste lengda trekk du frå den totale koffertlengda og tyngdepunktet. Kanten kan altso vera kvar du vil mellom tyngdepunktet og den tyngste enden, men det aller enklaste er (om du får det til) å leggja den ytste enden av kofferten på kanten. Om den lette enden av kofferten då vert for tung, flyttar du kanten nærare tyngdepunktet.
No har du tri mål: A = koffertlengda (målt frå den lettaste enden til kanten han ligg på), B = vekta av den lette delen av kofferten og C = tyngdepunktet (målt frå kanten kofferten ligg på).
No gjer du dette reknestykket: A*B/C. Svaret du får er den totale massen.
Eit døme:
Eg skal heim til påske og har mange bøker med meg for å lesa på. Diverre tykkjer eg at eg må taka fly. Eg legg bøkene i trillekofferten min, men massen vert ikkje heilt jamnt fordelt. Eg måler lengda og finn ut at kofferten (inkludert uttrukke handtak) er 95 cm lang (A=95 cm). So legg eg kofferten på den spisse kanten og finn ut at tyngdepunktet er 25 cm frå den tyngste enden (C=25 cm). No flyttar eg han, slik at det vert litt tyngde på den lette delen. Eg ser at han kanten no er 5 cm frå den tyngste enden, og trekk 5 cm frå koffertlengda og frå tyngdepunktet. No er A= 90 cm og C=20 cm. So legg vekta under den lette enden og ser at B= 4,7 kg. So set eg desse verdiane inn i formelen, og reknar ut 90 cm*4,7 kg/20 cm= 21,15 kg. Altso må eg hiva ut eit par bøker før eg reiser for å sleppa å gjera det på flyplassen.
Merk at det er litt vanskeleg å finna tyngdepunktet heilt grannsamt, men samstundes er det viktig at det vert rett. Om du har målt 1 cm feil på tyngdepunktet, kan nemleg svaret verta meir enn 1 kg feil, og det kan få fatale konsekvensar.
