Arkiv for kategorien ‘Typografi’
20. mai, 2009
I handskrift nyttar me “dette” hermeteiknet. På grunn av lettvinte tekniske løysingar i byrjinga av dataalderen (i byrjinga av skrivemaskinalderen?) vart dette teiknet ståande på tastaturet, og Microsoft og sikkert andre har gjort dette teiknet standard i dataskrift. Det er dumt, for det er feil og bryt med norsk typografisk tradisjon. I Noreg og ein del andre land (men slett ikkje alle) skriv me hermeteikn «slik». Det er det me er vane med frå bøker, ikkje sant? Me kjenner det på oss at det eigentleg skal skrivast på denne måten, men det kjem som oftast ikkje automatisk, er mykje arbeid å få til, og so gløymer me å vera medvitne på det når me skriv, og so vert det feil. OpenOffice er unntaket, der kjem dei rette hermeteikna av seg sjølv, men andre stader me skriv, må me setja dei inn sjølv. Det gjer me på denne måten:
Alt+0171 gjev «
Alt+0187 gjev »
Tala må skrivast på nummertastaturet, altso må me som nyttar fangdataar («berbare pd-ar») skru på Num Lk-knappen og nytta det knotete nummertastaturet som står med blå skrift på bokstavtastaturet, eller liknande. Men det er verdt det.
Posta på Kultur, Teknisk, Typografi | 11 kommentarar »
15. februar, 2009
Dersom nokon lurer på om det finst farga bly til blypenn, kan eg stadfesta at det gjer det. Det er kult, stilig og intellektuelt.
Merkelappar:blå, Bly, farge, grøn, kult, penn, raud, skrift, stilig
Posta på Typografi | 3 kommentarar »
2. oktober, 2008
Eg skulle ynskja det fanst eit program, anten som eit tillegg til vevlesarar eller som eit frittståande program eller som eit internettprogram, som kjapt og greitt kunne opplysa meg om kva skrifttypar som vert brukte på ei vevside. Eg ser føre meg at eg kunne lima inn ei vevadresse i internettprogrammet, og so analyserte programmet sida og gav meg attende ei oversikt og kva dei vert nytta til: “Overskrift: Arial, avsnitt: Georgia”
Simon meiner eg like godt kan sjekka kjeldekoden for å finna adressa til css-fila (der formateringsdataa ligg) og so opna css-fila og berre røkja etter skrifttypane sjølv. Men det er for tidkrevjande og tungvint, tykkjer eg. Det dumme er at eg ikkje kan nok til å kunna laga eit slikt program, so nokon andre må gjera det.
Eventuelt kan eg læra meg å kjenna att ulike skrifttypar. Dette er eit mål på sikt, men eit slikt program vil vera svært nyttig i ein læringsprosess òg.
Merkelappar:idé, internett, program, Skrifttypar, vevsider
Posta på Teknisk, Typografi | 6 kommentarar »
18. september, 2008
Alle venstrehendte kjenner til problemet med at handa subbar over det ein nett har skrive og dreg bly eller blekk ut over resten av arket. For meg er blyant det verste , etter ein dag med skriving har både arket og sida av handa fått ein jamn, glinsande gråfarge. Somme klarer å vri arket slik at handa kjem under det ein skriv, men eg får ikkje til å skriva på den måten. Eg har difor funne ei anna, enkel løysing som i alle fall verka veldig godt for meg: Nytt hardt bly, til dømes H, i staden for den vanlegaste HB. Lurt?
Merkelappar:ark, blyant, grått, knep, løysing, problem, skriving, venstre
Posta på Typografi | 12 kommentarar »
28. mai, 2008
Då eg fekk eit visittkort av ein av professorane på universitetet her, vart eg ganske fascinert. Det var nemleg ikkje heilt som andre trykksaker som vert laga no til dags. Papiret var tjukt, ruglete og elegant. Sjølv om det utan tvil var relativt nytt (epostadressa var med), hadde det eit gamalvore preg. Bokstavane stod ikkje heilt snorbeint på line, og det var ikkje heilt beint klypt ut. Utan at eg veit kvifor, tykte eg skrifttypen òg verka litt umoderne. Likevel var det noko anna som var endå kulare: Det var trykt på gamlemåten, med blytypar eller liknande. No kan jo ikkje eg vita noko om korleis det var laga utanom det eg kan sjå sjølv, men det nokso synlege relieffet på baksida var eit godt prov på at det i alle fall ikkje var trykt på vanleg, offset-måte. Noko liknande har eg berre sett (og kjent) i gamle bøker.
På biletet ser du øvst framsida av visittkortet, og nedst er baksida.

Merkelappar:gamle ting, Typografi
Posta på Typografi | 3 kommentarar »