Kor og kvar

23. april, 2009 av avsenius

Tilhøvet mellom “kor” og “kvar” er interessant. I nynorsk heiter det “ta kvar si appelsin”, “kvar bur du” og “eg kjem om tre/tri kvarter”. Til vanleg plar eg å seia “ta kvar si appelsin”, “kor bur du” og “eg kjeme om tri kvarter”. Eg har eit syskenbarn som likar å seia “ta kor si abbelsin” som døme på gamal suldalsdialekt, og det høyrest unekteleg litt rart og gamaldags ut. Men i påskeferien høyrde eg endå eit tilsvarande brigde i suldalsdialekt, nemleg “eg kjeme om tri korter”.

Kva ser me av dette? Er det verkeleg slik at det opphavleg heiter “kor-” på suldalsk (suldølsk?) i nær sagt alle samanhengar der me skriv “kvar-” på nynorsk?

Redigert: Det finst døme på båe desse variantane på internett: “kor si”: Ordtøke frå Hallingdal
“eit korter”: Eit og anna frå ei englandsferd

Kven var eigentleg smartast?

20. april, 2009 av avsenius

I eventyret om bjørnen og reven som veddar om flesk og humlebol taper bjørnen av di han ikkje kan seia tri treslag fortare enn Mikkel rev. Han nemner toll, tyri og furu, og dette er berre eitt slag. Reven har ingen problem med å gaula ut “ask, or, eik,” og dimed vinn han veddemålet. Av di han tapte dette veddemålet (og på grunn av andre hendingar der han vert lurt av reven), vert ofte bjørnen sett på som dum og treig. Men eg tykkjer at han fortener eit betre ettermæle enn det, for sjølv om han ikkje svarte på oppgåva, viste han at han har eit stort ordtilfang ved å kunna tri synonym, det tykkjer eg eigentleg er meir imponerande enn å kunna tri treslag.

Nokre tips

31. mars, 2009 av avsenius

– Eg har fått sansen for ei gruppe som heiter Ratatat, og eg vil råda alle til å ta ein lytt på dei, anten på Spotify, Myspace (http://www.myspace.com/ratatatmusic) eller andre stader. Dei spelar instrumental musikk, ei blanding av elektronika og rock, og det er veldig særprega. Det næraste eg kjem på er Røyksopp. Det irriterer meg veldig at eg gjekk glipp av at dei spelte på Blå i Oslo 19. desember i fjor, men eg vonar eg ein gong i framtida får høyrt dei på konsert, for desse er kule! Favorittlåtane mine er Loud Pipes og Wildcat.

– Det er verdt tida å kikka innom tjuvlyssnat.se, ei side der folk sender inn samtalar og hendingar dei har overhøyrt. Det er ganske mykje artig lesnad der.

Kva er ein MO-disk? (noko alle lurer på)

17. mars, 2009 av avsenius

I Resident Evil (verdas kulaste TV-spel) skulle eg av og til nytta ein MO-disk til å låsa opp ei viktig dør, oftast mot slutten av spela. Eg har aldri kome på å finna det ut før no. Wikipedia har sjølvsagt svaret. Og det viser seg at eg sjølv har nytta MO-diskar i det verkelege livet: Dei herlege, små, haldbare MiniDisc-ane er faktisk MO-diskar. To fenomen eg har eit nært tilhøve til vert knytte saman på eit slikt finurleg vis, det er artig!

Slik var han 2

24. februar, 2009 av avsenius

Han likte å forklara lette ting på ein slik måte at tilhøyrarane trudde at han forklarte svært vanskelege ting på ein slik måte at dei vart lettfattelege og greie.

Ola før og no

20. februar, 2009 av avsenius

Ola i det 20. århundret:

Vor Jesus kan ej noget herberg finde

Ola i det 21. århundret:

Vor Jesus kan ej noget herberg finde

Syng med!

Farga bly til blypenn

15. februar, 2009 av avsenius

Dersom nokon lurer på om det finst farga bly til blypenn, kan eg stadfesta at det gjer det. Det er kult, stilig og intellektuelt.