Samanlikning

26. november, 2009

Kan Stavangerensemblet vera Noregs svar på XTC?

Advertisements

Kven spelar her?

10. juni, 2009

Eg fann ein brent, umerka cd heime og sette han på for å høyra kva det var. Det var veldig bra og kul musikk, men kven spelar? Eg veit ikkje, og det gjer korkje Gracenote (via Winamp) eller Google heller når eg søkte etter ymse utdrag frå songane. Veit du? Høyr på songane her og sei kva du trur og tykkjer! Det er veldig mystisk, for ut frå musikken er eg freista til å tru at det er ein cd eg har skaffa, men eg kan ikkje minnast å ha høyrt han før.

Vørterøl

30. mai, 2009

Eg elskar vørterøl. Det er ikkje like populært som vanleg øl eller brus, men eg veit om mange som likar det kjempegodt, mellom andre Øystein Greni frå gruppa Bigbang. Det finst fire bryggeri som lagar vørterøl, det er Ringnes, Hansa, Aass og Mack. Borg gjorde det før, men det har dei slutta med, ifylgje Bryggeriforeningen. Dei verkar rett nok ikkje heilt sikre på nett dét i eit brev frå 24. august 2005, der dei skriv fylgjande: «Hansa lagde også et Borg Vørterøl, men det tror jeg de har sluttet med.» Eg har heller aldri sett dette, so eg trur dei har rett. Dei smakar nokso likt, alle saman tykkjer eg, bortsett frå Hansa, som er litt annleis. Nedanfor ser de vørterølflaskene slik dei såg ut omlag i 2005.

vørterøl

Vørterølflasker. Frå venstre: Aass Vørterøl, Mack Vørter Øl, Hansa Vørterøl og Ringnes Vørterøl

No har både Hansa, Ringnes og Aass slutta med halsetiketten, det tykkjer eg er litt dumt, men det er no slik over alt: Pris kjem framfor kvalitet, det er viktigare at det er billeg enn at det ser fint ut. Vørterøl vert likevel ikkje heilt forsømt hjå bryggeria, Aass og Ringnes har fornya etikettbunaden etter at flaskene på biletet vart kjøpte. Kva Mack har gjort, veit eg ingenting om, for dei vert berre selde i Nord-Noreg, og der har eg ikkje vore på mange år. Nett vørterøletikettane deira kunne vel trengt ei oppdatering. Greitt nok at utforminga og teksten sikkert er eldre enn vørterølet sjølv (106 år), men eg tykkjer godt dei kunne fiksa på den tåpelege orddelingsfeilen på framsida. Og teksten bakpå er ikkje betre: «Vørterøl er brygget av malt og fjellfriskt ishavsvann, krydret med humle og tilsatt kullsyre.» Det høyrest rimeleg dumt ut, spør du meg.

Aass og Ringnes har òg opplysande tekstar bakpå flaskene sine, men der Aass fokuserer på korleis det er laga, er teksten til Ringnes meir retta mot dei biologiske verknadane av å drikka det og bruksområde («på tur, når du trener eller har lange dager på jobben»). Ein artig detalj er at Ringnes endra teksten frå at vørterøl er «et alkoholfritt alternativ» til «en alkoholfri drikk» ein gong mellom 2003 og 2005. Hansa har berre eit enkelt slagord («For sunnhet og styrke») og ingrediensliste. Alle vørterøla er laga av berre vatn, malt, humle og kòlsyre, men Ringnes har i tillegg tilsett mjølkesyre som surleiksregulerande middel.

Då me oppdaga at halsetiketten vart fjerna på vørterølflaskene til Ringnes, fekk eg og Sigbjørn i NMU panikk. Me kjøpte inn mange flasker for å ta vare på flest mogleg av dei, eg sende ein trist epost til Ringnes og trygla om at dei måtte få halsetiketten på plass att, og Sigbjørn skanna etikettane med kjempehøg oppløysing. Det gav eit godt utgangspunkt for ei minne-t-skjorte med vørterølmotiv (det vert mest truleg den høgt elska og sårt sakna muskeletiketten), og det skal eg få laga ein gong. Då skal Greni få ei òg, for han snakka noko om det på P3morgen ein morgon eg låg og vakna.

Eg er ikkje sikker på korleis det er no, men Aass er dei einaste eg veit om som har selt vørterøl i sekspakningar. Det var veldig praktisk og gav dei eit fortrinn når vørterøl skulle kjøpast inn og eg ikkje var sikker på om eg hadde mest lyst på Ringnes eller Aass (dei hadde ikkje Mack og Hansa der, for butikken var i Oslo).  Hansa har mykje oftare enn dei andre slurvete påsette etikettar, men dette påverkar truleg ikkje valet til folk når det er fleire typar å velja mellom. Eg trur faktisk at Hansa er litt billegare enn dei andre, det er nok meir utslagsgjevande, men eg er ikkje heilt sikker på dette.

Attende til halsetikettsaka. Det som ser ut som eit vanleg innsparingstiltak kan visa seg å vera noko heilt anna, jamfør med brevet frå Bryggeriforeningen frå 24. august 2005, der dei skriv vidare: «Grunnen til at bryggeriene har gått bort i fra halsetikett er rett å slett for å spare penger.» Dette er rett og slett ikkje heilt truverdig. Var det verkeleg tilfeldig at tri konkurrerande bryggeri fjerna halsetiketten omlag samstundes? Eg trur ikkje det, og ved å røkja litt etter meir dokumentasjon i vørterølbransjen vonar eg at me skal finna ut eitt og hitt. Står det ein vørterølmafia bak? Er bryggeria berre marionettdokker i eit spel for galleriet, medan nokon andre, mektigare krefter trekk i trådane? Det veit me ikkje no, men sanninga vil nok koma fram einkvan dag.

Hermeteikn

20. mai, 2009

I handskrift nyttar me «dette» hermeteiknet. På grunn av lettvinte tekniske løysingar i byrjinga av dataalderen (i byrjinga av skrivemaskinalderen?) vart dette teiknet ståande på tastaturet, og Microsoft og sikkert andre har gjort dette teiknet standard i dataskrift. Det er dumt, for det er feil og bryt med norsk typografisk tradisjon. I Noreg og ein del andre land (men slett ikkje alle) skriv me hermeteikn «slik». Det er det me er vane med frå bøker, ikkje sant? Me kjenner det på oss at det eigentleg skal skrivast på denne måten, men det kjem som oftast ikkje automatisk, er mykje arbeid å få til, og so gløymer me å vera medvitne på det når me skriv, og so vert det feil. OpenOffice er unntaket, der kjem dei rette hermeteikna av seg sjølv, men andre stader me skriv, må me setja dei inn sjølv. Det gjer me på denne måten:

Alt+0171 gjev «

Alt+0187 gjev »

Tala må skrivast på nummertastaturet, altso må me som nyttar fangdataar («berbare pd-ar») skru på Num Lk-knappen og nytta det knotete nummertastaturet som står med blå skrift på bokstavtastaturet, eller liknande. Men det er verdt det.

Kulturmjølk

14. mai, 2009

Dårleg målpolitikk av Tine eller ikkje: I dag kom den fyrste nynorske kulturmjølka i hus i Nidaros, og det var stas, sjølv om eg har drukke nynorsk mjølk mange gonger før, både heime og til dømes i Mandal, der dei overraskande nok hadde lettmjølk (eller, sikkert meir korrekt, «TineMjølk Lett»). Men er det lov å skriva «Vendast før bruk» og «Eitt glass»? Kor som er, dette hende altso no i kveld, og det var ganske artig, for heilt tilfeldigvis sende eg eit brev til Tine i dag tidleg der eg skreiv dette:

Hei, eg har lurt på ein ting ei stund: Kvifor står det at nettoinnhaldet i kulturmjølk er 1000 g og ikkje 1 liter, slik det står på andre mjølkekartongar? Og dessutan, kvifor er vekta spesifisert med 4 gjeldande siffer, medan volumet med berre 1? Kvifor skriv de ikkje 1 kg på kulturmjølka eller 1,000 liter på søtmjølka?

Dessutan tykkjer eg at de kunne hatt nynorsk og bokmål på alle mjølkekartongane dykkar. Berre denne løysinga hadde gjeve reell jamstelling hjå Tine mellom dei to språka.

Svaret kom etter 5,5 timar, og lyder slik:

Syrnede produkter – måles i gram

Vi takker for din henvendelse på internett.

Vi setter stor pris på henvendelser fra engasjerte forbrukere. Vi kan
forstå at du stiller spørsmål, da vi nå måler TineMelk Kultur i gram og
ikke liter som tidligere. Alt av syrnede produkter vil nå bli merket på
samme måte, da gram er et mer nøyaktig mål. Vår kvalitetsskontroll måles
alltid i gram, da dette er en mer sikker og nøyaktig måte enn å måle i
liter. Ved å oppgi gram vil det også gjøre det enklere for våre forbrukere
å kontrollere innholdet selv. Takk for at du kontaktet oss.

Då var dét oppklåra òg.

Eit illustrasjonsbilete:

Ut med melk, inn med mjølk

Vellukka

10. mai, 2009

I førti år har Roger Whittaker nesten berre gjeve ut Best of-plater. Ikkje verst.

2010?

26. april, 2009

Det verkar som det er lenger til 2010 enn det det eigentleg er, nemleg berre 250 dagar.