Vørterøl

Eg elskar vørterøl. Det er ikkje like populært som vanleg øl eller brus, men eg veit om mange som likar det kjempegodt, mellom andre Øystein Greni frå gruppa Bigbang. Det finst fire bryggeri som lagar vørterøl, det er Ringnes, Hansa, Aass og Mack. Borg gjorde det før, men det har dei slutta med, ifylgje Bryggeriforeningen. Dei verkar rett nok ikkje heilt sikre på nett dét i eit brev frå 24. august 2005, der dei skriv fylgjande: «Hansa lagde også et Borg Vørterøl, men det tror jeg de har sluttet med.» Eg har heller aldri sett dette, so eg trur dei har rett. Dei smakar nokso likt, alle saman tykkjer eg, bortsett frå Hansa, som er litt annleis. Nedanfor ser de vørterølflaskene slik dei såg ut omlag i 2005.

vørterøl

Vørterølflasker. Frå venstre: Aass Vørterøl, Mack Vørter Øl, Hansa Vørterøl og Ringnes Vørterøl

No har både Hansa, Ringnes og Aass slutta med halsetiketten, det tykkjer eg er litt dumt, men det er no slik over alt: Pris kjem framfor kvalitet, det er viktigare at det er billeg enn at det ser fint ut. Vørterøl vert likevel ikkje heilt forsømt hjå bryggeria, Aass og Ringnes har fornya etikettbunaden etter at flaskene på biletet vart kjøpte. Kva Mack har gjort, veit eg ingenting om, for dei vert berre selde i Nord-Noreg, og der har eg ikkje vore på mange år. Nett vørterøletikettane deira kunne vel trengt ei oppdatering. Greitt nok at utforminga og teksten sikkert er eldre enn vørterølet sjølv (106 år), men eg tykkjer godt dei kunne fiksa på den tåpelege orddelingsfeilen på framsida. Og teksten bakpå er ikkje betre: «Vørterøl er brygget av malt og fjellfriskt ishavsvann, krydret med humle og tilsatt kullsyre.» Det høyrest rimeleg dumt ut, spør du meg.

Aass og Ringnes har òg opplysande tekstar bakpå flaskene sine, men der Aass fokuserer på korleis det er laga, er teksten til Ringnes meir retta mot dei biologiske verknadane av å drikka det og bruksområde («på tur, når du trener eller har lange dager på jobben»). Ein artig detalj er at Ringnes endra teksten frå at vørterøl er «et alkoholfritt alternativ» til «en alkoholfri drikk» ein gong mellom 2003 og 2005. Hansa har berre eit enkelt slagord («For sunnhet og styrke») og ingrediensliste. Alle vørterøla er laga av berre vatn, malt, humle og kòlsyre, men Ringnes har i tillegg tilsett mjølkesyre som surleiksregulerande middel.

Då me oppdaga at halsetiketten vart fjerna på vørterølflaskene til Ringnes, fekk eg og Sigbjørn i NMU panikk. Me kjøpte inn mange flasker for å ta vare på flest mogleg av dei, eg sende ein trist epost til Ringnes og trygla om at dei måtte få halsetiketten på plass att, og Sigbjørn skanna etikettane med kjempehøg oppløysing. Det gav eit godt utgangspunkt for ei minne-t-skjorte med vørterølmotiv (det vert mest truleg den høgt elska og sårt sakna muskeletiketten), og det skal eg få laga ein gong. Då skal Greni få ei òg, for han snakka noko om det på P3morgen ein morgon eg låg og vakna.

Eg er ikkje sikker på korleis det er no, men Aass er dei einaste eg veit om som har selt vørterøl i sekspakningar. Det var veldig praktisk og gav dei eit fortrinn når vørterøl skulle kjøpast inn og eg ikkje var sikker på om eg hadde mest lyst på Ringnes eller Aass (dei hadde ikkje Mack og Hansa der, for butikken var i Oslo).  Hansa har mykje oftare enn dei andre slurvete påsette etikettar, men dette påverkar truleg ikkje valet til folk når det er fleire typar å velja mellom. Eg trur faktisk at Hansa er litt billegare enn dei andre, det er nok meir utslagsgjevande, men eg er ikkje heilt sikker på dette.

Attende til halsetikettsaka. Det som ser ut som eit vanleg innsparingstiltak kan visa seg å vera noko heilt anna, jamfør med brevet frå Bryggeriforeningen frå 24. august 2005, der dei skriv vidare: «Grunnen til at bryggeriene har gått bort i fra halsetikett er rett å slett for å spare penger.» Dette er rett og slett ikkje heilt truverdig. Var det verkeleg tilfeldig at tri konkurrerande bryggeri fjerna halsetiketten omlag samstundes? Eg trur ikkje det, og ved å røkja litt etter meir dokumentasjon i vørterølbransjen vonar eg at me skal finna ut eitt og hitt. Står det ein vørterølmafia bak? Er bryggeria berre marionettdokker i eit spel for galleriet, medan nokon andre, mektigare krefter trekk i trådane? Det veit me ikkje no, men sanninga vil nok koma fram einkvan dag.

Stikkord: , , , , , ,

17 kommentarar to “Vørterøl”

  1. Janne Says:

    Eg har aldri smakt vørterøl, eg. Kan du prøve å skildre smaken? Smakar det øl?

  2. Ola Says:

    Nei, det smakar slett ikkje vanleg øl. Det er mykje søtare og manglar den beiske smaken som er typisk for øl. Bokkøl liknar faktisk mest, tykkjer eg. Det er vanskeleg å skildra smaken, men det smakar mykje malt. Dimed minner det mest om maltblokker, berre ikkje so søtt. Men det enklaste er no å kjøpa ei flaske og smaka. Det kostar berre 7-8 kr og flaska kan du panta etterpå.

  3. Synnøve Says:

    Vørterøl er ein helsedrykk, altso? Jøss.

  4. avsenius Says:

    Ja, det vert definitivt marknadsført som det i alle fall.

  5. Eva Says:

    No fekk du meg til å le i dag òg, Ola. Men eg må tilstå at eg ikkje heilt såg kvar romantikken kom inn…

  6. Eva Says:

    Nye teori eg kom på då eg ikkje fekk sova i går kveld. Kanskje det slett ikkje finst ein vørterølmafia, men at det synkroniserte fjerninga av halsetikettar kom av heilt andre grunnar.

    Om eg ikkje tek heilt feil, er det same slags flasker ein har både vørterøl og vanleg øl. Desse flaskene skal jo kunne nyttast fleire gonger. og då er det jo ofte ein anna øl i flaska, slik at ein må byte etikett. Det går heilt greitt så lenge etiketten sit på same staden, men om ein skal tappa vanleg øl på vørterølflasker kan det hende at ein får eit problem med å få bort halsetiketten.

    Sjølvsagt, ein kan jo ta av etikettar, men det krev energi og slikt, og det kostar pengar. Så då alle vørterølprodusentane vart gjort merksame på at halsetikettane deira førte til meirkostnader og ekstra arbeid, slutta dei med det simultant. Det finst altså ikkje nokon vørterølmafia, men berre ein effektiviseringsmafia. Og den visste me jo om frå før av.

  7. Ola Says:

    Aha, ja, det kan vera. Eg har sett føre meg at dei påstår at det kostar for mykje å setja på etiketten, men du meiner altso at det kan kosta for mykje å ta han av? Ikkje dumt, ikkje dumt. Men at alle vørterølprodusentane vart merksame på kostnadene med dette heilt samstundes, dét er framleis mistenkjeleg. Kan henda det er ein vørterøleffektiviseringsmafia?

    Kvifor romantikk? Eg har eit romantisk tilhøve til vørterøl generelt, og halsetikettar spesielt.

  8. Vegard Says:

    No fekk eg lyst på vørterøl. Takk, Ola! Ingenting som Ola-initierte lyster. Kva synest du forresten vørtis smaker best attåt? Eller drikk du han alltid «bar»?

    • avsenius Says:

      Eg drikk han alltid bar, so eg har ikkje noko tips der. Men kan henda det er godt i lag med iskrem? I Sambandsstatane har dei noko som heiter Root beer, og i lag med is vert det Root beer float. Root beer er ein slags brus med vørterølsmak, og difor har eg tru på vørterøliskremsoda. Det er det neste på programmet for meg.

  9. Tarjei Says:

    Eg har alltid oppfatta «ice cream soda» som ein amerikansk spesialitet (ugh) på linje med «cookie dough ice cream» og «mac’n’cheese».

  10. Ola Says:

    Ja, eg òg. Men i det siste har eg utforska denne spesialiteten og prøvd vaniljeis med både club soda og sjokoladesaus, Coca-Cola, Sprite OG 7up. Det var best med sitronbrus, og sidan 7up er best av dei, er det favoritten. Den med club soda og sjokoladesaus som i fylgje Wikipedia er den klassiske iskremsodaen var ikkje so god. No er det altso vørterøl sin tur, og eg trur Solo må prøvast òg etter kvart.

  11. Eva Says:

    Eg heier på solo, og kanskje du skal testa ut mozell òg. Kva med iskremsodaverkstad på sumarleiren?

  12. Bror Says:

    Er det dine vørterøl som ligg i kjøleskapet til Noregs Mållag?

  13. avsenius Says:

    Eg veit ikkje. Eg tok den eine flaska då eg var innom sist, ho var god enno, trass at ho var eit par år gamal.

    Forresten er vørterøl like godt varmt som kaldt.

  14. lastorset Says:

    Om du nokon gong lagar vørterøl-t-skjorte, sei frå! 🙂 Elles har du inspirert meg til å prøva. Eg har vore tilhengjar av ingefærøl og har funne ein ganske fin ein på innvandrarsjappa på Carl Berner. Men vørterøl er eit usmaka blad.

  15. Rune Olsen Says:

    Eg drakk en flaske med Hansa Vørterøl i sammen med to kannelstenger i det store frikvarteret, under hele Gymnastida mi.
    Og nå er eg blitt femtifem år og eg like det ennå.
    LENGE LEVE SUNNHETEN I VØRTERØLET.

  16. Rune Olsen Says:

    PS
    Vørterøl er også godt i sammen med spekemat og nå når det nærmer seg jul, så er det kjempe godt til pinnekjøtt.
    Så vil eg også anbefale en alkoholfri jul.

Kommenter innlegget